Hapalopsittaca

slekt av papegøyefuglar

Hapalopsittaca er ei biologisk slekt i papegøyefamilien med fire medlemar som har eit leveområde høgt i svært våt tåkeskog, opp mot páramo langs Andesfjella frå Bolivia i sør til nordvestre Venezuela i nord.

Hapalopsittaca
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Papegøyefuglar Psittaciformes
Familie: Papegøyefamilien Psittacidae
Underfamilie: Arinae
Slekt: Hapalopsittaca
Ridgeway, 1912

Skildring

endre

Hapalopsittaca er fargerike, mellomstore, korthala, solid bygde papegøyar, 22-24 cm i kroppslengd. Halen er rektangulær, rett avskoren. Nebbfarga er gråbleik eller blåleg. Grunnfarga i fjørdrakta er grøn, med farger på hovud og bryst som varierer med arten. Tre artar har fargevariantar i blått og raudt i veng- og stjertfjører, svartvengpapegøye har svarte vengfjører. Føda er frukt, bær og frø, raudmaskepapegøye et òg skot, blomar og belgar.

Alle lever i høgtliggande område i Andes, ca. 2500-3500 moh., svartvengpapegøye ned til 1740 m.

Artslista

endre

Hapalopsittaca i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[1] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[2] IUCN kategori er etter HBW og BirdLife Taxonomic Checklist.[3]

23 cm; 97–115 gram, svært våt tåkeskog 2500-3000 moh. i Colombia, litt inn i nordvestre Venezuela.[4]
23–24 cm; 124 gram, lite utbreiingsområde i våt tåkeskog 2900-3150 moh. i vestre skråninga av sentrale Andes i Colombia, aust for Pereira.[5]
22 cm, svært våt tåkeskog 2500-3500 moh. i sørlege Ecuador, litt inn i nordvestre Peru.[6]
24 cm, fuktig tåkeskog og elfin-skog 1740-3450 moh, to underartar, ein i Peru og ein i Bolivia.[7]

Kjelder

endre
  1. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2023). «Hummingbirds». IOC World Bird List Version 13.1. International Ornithologists' Union. Henta 6. juli 2023. 
  2. Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 6. juli 2023. 
  3. «HBW og BirdLife Taxonomic Checklist». BirdLife Data Zone (version 7 utg.). BirdLife International. Desember 2022. Henta 6. juli 2023. 
  4. Collar, N. og P. F. D. Boesman (2020). Rusty-faced Parrot (Hapalopsittaca amazonina), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.rufpar2.01
  5. Collar, N., P. F. D. Boesman, G. M. Kirwan, og C. J. Sharpe (2020). Indigo-winged Parrot (Hapalopsittaca fuertesi), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.inwpar1.01
  6. Collar, N. og P. F. D. Boesman (2020). Red-faced Parrot (Hapalopsittaca pyrrhops), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.refpar2.01
  7. Collar, N. og P. F. D. Boesman (2020). Black-winged Parrot (Hapalopsittaca melanotis), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.blwpar1.01

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Hapalopsittaca