Asbjørn Osnes
Asbjørn Osnes (21. april 1932–22. september 2011) var ein norsk skihoppar i Hønefoss. Under Ski-VM 1958 i Lahti vart han nummer fem i hopprennet og beste nordmann. Tidlegare deltok han i Vinter-OL i 1956, der han vart nummer 18. Han slo gjennom i 1955-sesongen, vann same året si einaste NM-medalje. Etter god hopping i NM-rennet på Voss fekk han 224,9 poeng, eit lite poeng mindre enn noregsmeisteren Sverre Stallvik. I 1958 sette Osnes bakkerekord i Vikersundbakken med 108,5 meter. Han tevla for Jevnaker Idrettsforening og døydde på Jevnaker.
Asbjørn Osnes | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 21. april 1932 Hønefoss |
Død |
22. september 2011 (79 år) |
Idrett | skihopping |
Tok del i |
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og rennEndra
- 1955: Nr 6 i Lahti
- 1955/56: Nr 5 i Oberstdorf
- 1956/57: Nr 10 i Oberstdorf
- 1958: Nr 5 i VM i Lahti
- 1959: Nr 12 i Holmenkollen