Hausmannitt
Hausmannitt er eit brunt til svart mineral som består av manganoksid, Mn2+Mn23+O4. Det finst i manganertsar av ulik type. Mineralet er kjent i små mengder frå eit par norske førekomstar (mellom anna Botnedal i Telemark). Det krystalliserer tetragonalt og har ein spinell-liknande struktur.
Hausmannitt | |||
| |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Oksydmineral | ||
Kjemisk formel | Mn2+Mn3+2O4 | ||
Strunz-klassifisering | 04.BB.10 | ||
Identifikasjon | |||
Molekylvekt | 228.81 | ||
Farge | brunsvart, gråaktig. | ||
Krystallform | Massiv - korna - vanleg tekstur observert i granitt og andre djupbergartar. Delvis åttesidig - krystallar syner åttesidig kontur. | ||
Krystallsystem | Tetragonal (4/m 2/m 2/m) Romgruppe: I 41/amd | ||
Kløyv | [001] perfekt | ||
Brot | Ujamn - flate brotflater (ikkje kløyv) i eit ujamt mønster | ||
Mohs hardleiksskala | 5.5 | ||
Glans | Undermetallisk | ||
Strekfarge | mørkeraudbrun | ||
Spesifikk vekt | 4.7 - 4.84, Average = 4.76 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Einaksa (-), e=2.15, w=2.46 | ||
Andre eigenskapar | ikkje-radioaktiv, ikkje-magnetisk, ikkje-fluorescerande. |
Det er kalla opp etter Johann Friedrich Ludwig Hausmann (1782–1859), ein tysk mineralog.
Kjelder
endre- Hausmannitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/hausmannitt.
Bakgrunnsstoff
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hausmannitt