Spinell
Spinell er eit kubisk mineral, eit magnesiumaluminiumoksid, MgAl2O4. Det kan innehalde noko krom (picotitt) eller jarn (pleonast eller ceylonitt).
Spinell | |
![]() Spinell | |
Generelt | |
---|---|
Kategori | Oksydmineral Spinellgruppa |
Kjemisk formel | MgAl2O4 |
Strunz-klassifisering | 04.BB.05 |
Identifikasjon | |
Farge | Forskjellig; raud og rosa til blå til lilla, mørkegrøn, brun, svart |
Krystallform | Kubisk, åttesidig |
Krystallsystem | Isometrisk |
Kløyv | Utydeleg |
Brot | Muslig, ujamn |
Mohs hardleiksskala | 7.5–8.0 |
Glans | glasaktig |
Strekfarge | Kvit |
Transparens | Gjennomsiktig til gjennomskineleg |
Spesifikk vekt | 3.6–4.1 |
Optiske eigenskapar | |
Optiske eigenskapar | Isotrop |
Brytingsindeks | 1.719 |
Pleokroisme | Fråverande |
Oppløyselegheit | ingen |
Andre eigenskapar | Ikkje-magnetisk, ikkje-radioaktiv, stundom fluorescerande (raud) |
Kjelder | [1] |
Klåre, farga varietetar blir brukt som edelstein, særleg den raude spinellrubinen frå Myanmar og Sri Lanka. Elles kan mineralet vere fargelaust, grønt eller blått. Vanleg spinell finst i metamorfe bergartar, særleg i marmor og i alluviale førekomstar.
Spinellar vert òg laga syntetsisk i fleire fargar og er ein populær smykkestein.
KjelderEndra
- Raade, Gunnar. (19. juni 2012). Spinell: mineral. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/spinell%2Fmineraler.
- Raade, Gunnar. (15. februar 2009). Spinell: syntetisk. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/spinell%2Fsyntetisk.