Havnebanen i Oslo var ein 2,2 km lang, einspora og ikkje elektrifisert jernbane mellom godsstasjonen for Oslo Østbanestasjon og godsstasjonen for Oslo Vestbanestasjon.

Havnebanen
Havnebanen under Akershus festning.
Foto: Anders Beer Wilse (1935)
Info
Type Jernbane
System 1435 mm normalspor
Status Nedlagt
Tal på stasjonar 2
Drift
Opna 13. november 1907
Type trafikk Godstrafikk
Teknisk
Lengde 2,2
Planovergangar 3
Tunnelane etter hamnebanen framfor Akershus festning fotografert i 2006.

Banen vart opna 13. november 1907, og var det einaste jarnbanesambandet mellom dei to stasjonane. Vestbanestasjonen var den opphavlege endestasjonen for Drammenbanen fram til Oslotunnelen vart bygd, stasjonen vart lagt ned, og Drammensbanen på strekninga frå Skøyen i retning av stasjonen vart omgjort til Skøyen–Filipstadlinja, med godslinje til kaiene på Filipstad, og oppstallings- og vedlikehaldsområde for lokaltog på mellom anna det gamle godsstasjonsarealet.

Havnebanen var hovudsakleg ein bane for kipptog, godstog i rute mellom dei to godsstasjonane og vart berre sporadisk nytta til persontransport. Desse toga vart kalla «østbanekippen» eller «vestbanekippen», etter som. Godstoga vart i mange år ført fram av små damplokomotiv, skiftelokomotiv, seinare med disellokomotiv av type Di 2. Toget gjekk under namnet «maleren» på grunn av larmen frå diesellokomotivet.

Då Oslotunnelen opna i 1980 og godstoga tok til å nytte denne tunnelen, vart hamnebanen til lita nytte og lagt ned same året. Mesteparten av sporet vart fjerna i 1983.

Banen, som gjekk attmed bryggene kring Akershus festning og over Rådhusplassen i Oslo på sin veg mellom dei to godsstasjonane, var lenge det einaste jernbanesambandet mellom det vestlege og det austlege jernbanenettet i Noreg, dersom ein ser vekk frå linja frå Hokksund over Hønefoss til Roa på Gjøvikbanen som opna i 1909.

Kipptoga over Havnebanen var eit kjent innslag i bybildet, ettersom toget blokkerte biltrafikken idet det passerte Rådhusplassen. Der toga kryssa og blokkerte all biltrafikk på den tidlegare så sterkt trafikkerte Rådhusplassen, og elles kryssa gater, skulle det gå ein mann med raudt flagg framfor lokomotivet for å varsle bilistane og stogge trafikken, samstundes som lokomotivføraren skulle varsle trafikantane med ei klokke på lokomotivet.

Godstoget over Rådhusplassen vart nytta i handlinga i to Olsenbanden-filmar.

No er delar av traseen forbi festningsmurane gjort om til park, der òg minnesmerket for jødane som vart deportert under andre verdskrig er plassert.

Kart frå 1936 over Havnebanen og bryggene i Oslo

.

Linjekart endre

Teiknforklaring
   Skøyen-Filipstadlinja, opphavleg Drammenbanen
    endepunkt frå 1935
    Filipstadkaia
    Filipstad
    Akers mekaniske verksted, Tjuvholmen
   
     2,20 km endepunkt til 1935
     sporet gjekk i offentlege gater
     Oslo V
 
  Festningen
 
  1,50 km Vippetangen (1907)
  sidespor til Langkaia og Tollbukaia
  Havnelageret
    Oslo Ø
   
    0,00 km endepunkt til 1967
    til Østfoldbanen
    Loenga endepunkt frå 1967