Heidal kyrkje er ei lafta krosskyrkje i Heidal i Sel kommune i Innlandet. Dette er den fjerde kyrkja i Heidalen. På kyrkjegarden står dessutan Bjølstadkapellet eller Bjølstadkyrkja, som var kyrkje nummer to (kor og sakristi rekonstruert) og vart gjenreist her i 1964. Kapellet har portalvangar med dyreskurd som er noko av det eldste bevarte i landet.

Heidal kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Sel
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Hamar
Prosti Nord-Gudbrandsdal
Sokn Heidal
Fellesråd Sel
Arkitekt Bredo Berntsen
Teknikk lafteverk
Material tre
Innvigd 8. juni 1941
Klokker Olsen Nauen
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol Med akantus
Døypefont Kleberstein
Altartavle Med akantus
Orgel Robert Gustavsson, 1991
Sitjeplassar 292
Kart
Heidal kyrkje
61°44′50″N 9°19′53″E / 61.74725278°N 9.33146944°E / 61.74725278; 9.33146944
Wikimedia Commons: Heidal kirke
Bjølstadkapellet

Heidal kyrkje er utforma for å likne mest mogleg på den førre kyrkja, som var frå 1754 og brann i 1933. Denne kyrkja hadde inventar som var skore av Jakob Klukstad.

Kyrkjegarden har mange gamle gravminne av kleberstein.

Bakgrunnsstoff endre