Heilage Alban
Heilage Alban (engelsk Saint Alban) er ein kristen helgen, rekna som den første britiske martyren. Han levde i den romerske byen Verulamium i provinsen Britannia, no St Albans i Hertfordshire.
Heilage Alban | |||
| |||
Fødd | 3. hundreåret | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Verulamium | ||
Daud | 305 | ||
Dødsstad | Verulamium | ||
Yrke | militær | ||
Helgendag | 22. juni | ||
Helgen i | Den anglikanske, den katolske og den ortodokse |
Ifølgje helgensoga var Alban ein heidning som gav ly til ein prest som søkte ly frå forfølging hjå han. Etter kort tid blei han overtydd av læra til presten, og omvende seg til kristendommen. Då guvernøren sine folk kom for å finna presten, tok Alban kleda hans og blei fanga i hans stad. Han blei stilt for retten, torturert og gjeven ordre om å ofra til dei romerske gudane, men nekta. Då blei han dømt til døden og halshogd.
På vegen til rettarstaden skal Alban ha endra stoppa ei elv slik at dei kunne gå tørrskodd over, og fått ein fontene av vatn til å spruta ut frå toppen der han skulle avrettast. Skarprettaren blei omvend av under og nekta å avretta han. Den nye skarprettaren utførte avrettinga, men blei blinda like etter.
Alban har blitt dyrka som ein helgen i England sidan 400-talet, og kulten hans spreidde seg vidare i Europa. I Winterthur i Sveits, der Alban er ein vernehelgen, blir ein årleg Albaninifest halden til ære for han.
Kjelder
endre«St. Alban», Catholic Encyclopedia, New Advent.
Bakgrunnsstoff
endre- Den hellige Alban av Britannia ved katolsk.no