Heini Hemmi
Heini Hemmi (fødd 17. januar 1949) frå Churwalden er ein sveitsisk tidlegare skirennar. Han vann gullmedaljen i storslalåm under vinter-OL 1976. I 1977-sesongen, hans beste sesong, vart han nummer sju i verdscupen i alpint og gjekk heilt til topps i storslalåmcupen.
Heini Hemmi | |
Statsborgarskap | Sveits |
Fødd | 17. januar 1949 (75 år) Churwalden |
Yrke | alpinist |
Heini Hemmi på Commons |
Aktiv
endreHemmi slo gjennom i januar 1970 då han vart nummer i slalåmrennet i Wengen. Ei veke etter gjennombrotet klatra han ein plass opp og vart nummer fire i storslalåmrennet i Kranjska Gora. Under den alpine verdsmeisterskapen i alpint 1970 i Gherdëina kom han som best nummer 11 i slalåm. Dei neste sesongane klarte han ikkje å hevde seg internasjonalt, men vart sveitsisk meister i slalåm 1973 og i storslalåm 1974. Først i 1975 tok han plass i verdseliten i spesialgreina si, storslalåm. 2. mars 1975 oppnådde han sin første pallplass i verdscupen, då han i Garibaldi i British Columbia kom på andreplass i storslalåmrennet, bakom den nye storslalåmkongen Ingemar Stenmark, men hårfint framom den førre storslalåmeinaren Gustav Thöni. I den sveitsiske meisterskapen i storslalåm forsvarte han meistertittelen.
Hemmis største prestasjon var sigeren i storslalåm under OL 1976 i Innsbruck. Med samanlagttida 3.26,97 var han 0,20 sekund føre landsmannen Ernst Good, som sikra sveitsisk dobbeltsiger framom Ingemar Stenmark. På tampen av OL-sesongen tok han sin første siger i verdscupen, då han vann suverene eit renn i Mont Sainte-Anne. Og så vart han sveitsisk meister på ny, men då i slalåm. Sesongen 1976/77 var Hemmi den beste storslalåmrennaren i verda, han vann då tre renn og kom seks gongar på pallen i verdscupen. Totalt kom han på sjuandeplass i verdscupen.
Året etter, 1978, kom Hemmi på åttandeplass i verdscupen og vart nummer fire i storslalåmcupen. Han kom då på andreplass i tre storslalåmrenn. Under VM i alpint 1978 i Garmisch-Partenkirchen kom han på fjerdeplass i storslalåm. Han vann og den sveitsiske meisterskapen i storslalåm, hans femte og siste SM-tittel. I sin siste sesong kom Hemmi to gongar på pallen i verdscupen, han avslutta den 19. mars 1979 si tid som aktiv med ein andreplass i Furano i Japan. Atter ein gong måtte han sjå slått av Ingemar Stenmark.
Hemmi stod 13 gongar på pallen i verdscupen i alpint, alle gongane etter slalåmtevlingar.
Verdscupsigrar
endreDato | Stad | Øving |
---|---|---|
18. mars 1976 | Canada Mont Sainte-Anne | Storslalåm |
12. desember 1976 | Frankrike Val-d’Isère | Storslalåm |
2. januar 1977 | Sveits Ebnat-Kappel | Storslalåm |
24. januar 1977 | Sveits Adelboden | Storslalåm |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Heini Hemmi» frå Wikipedia på tysk, den 1. februar 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- (en) Heini Hemmi – Profil og resultatoversikt hos FIS