Hendrik Lorentz
Hendrik Antoon Lorentz (18. juli 1853–4. februar 1928) var ein nederlandsk fysikar og matematikar.
Lorentz forska ved universitetet i Leiden, der han var professor i matematisk fysikk. Han arbeidde framfor alt med å skapa ein teori om forholdet mellom elektrisitet, magnetisme og lys. Han trudde at atoma bestod av små ladde partiklar som svinga, og at dette var kjelda til lys. At dette var tilfellet viste ein av lærlingane hans, Pieter Zeeman, gjennom forsøk.
Lorentz blei tildelt Nobelprisen i fysikk i 1902 saman med nemnde Pieter Zeeman for sitt arbeid med elektromagnetisk stråling.
Bakgrunnsstoff
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hendrik Lorentz