Opna hovudmenyen

Pieter Zeeman

nederlandsk fysikar

Pieter Zeeman (fødd 25. mai 1865 i Zonnemaire i Schouwen-Duiveland, Zeeland, død 9. oktober 1943 i Amsterdam) var ein nederlandsk fysikar. Han var eleven til Hendrik Lorentz og arbeidde mellom anna med Lorentz sin teori om at atom består av ladde partiklar som skapar lys gjennom svingingar. Etter ein serie med forsøk kunne han bevisa det som i dag blir kalla zeemaneffekten.

Pieter Zeeman
Pieter Zeeman.jpg
Fødd25. mai 1865
Zonnemaire
Død9. oktober 1943
Amsterdam, Amsterdam
NasjonalitetKongeriket Nederlanda
Områdefysikk
Yrkefysikar, professor, universitetslærar
InstitusjonarUniversitetet i Amsterdam
Universitetet i Leiden
Det tekniske universitetet i Delft
Det tekniske universitetet i Delft
Universitetet i Leiden
Universitetet i Leiden
Universitetet i Amsterdam
Universitetet i Amsterdam
Universitetet i Amsterdam
Alma materUniversitetet i Leiden
DoktorgradsrettleiarHeike Kamerlingh Onnes
MedlemRoyal Society
Det bayerske vitskapsakademiet
Det ungarske vitskapsakademiet
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen
Det pavelege vitskapsakademiet
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Accademia delle Scienze di Torino

Zeeman blei i 1900 professor i fysikk ved universitetet i Amsterdam, der han blei resten av livet. Heilt til han døydde heldt han fram med forskinga på forplantninga lyset set i ulike medium.

Zeeman fekk saman med sin gamle lærar Hendrik Lorentz Nobelprisen i fysikk i 1902 for oppdaginga av zeemaneffekten.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Pieter Zeeman