Opna hovudmenyen

Jules Henri Poincaré (29. april 185417. juli 1912) var ein av dei største matematikarar, fysikarar og vitskapsteoretikarar i Frankrike. Poincaré skildrast ofte som den siste universalisten (etter Gauss), i stand til å forstå og bidra på praktisk talt alle område av matematikken.

Henri Poincaré
Henri Poincaré-2.jpg
FøddJules-Henri
29. april 1854
Nancy
Død17. juli 1912
Paris
NasjonalitetFrankrike
Områdealgebraisk geometri, matematisk analyse, geometri, topologi, matematikk, mekanikk, filosofi
Yrkematematikar, filosof, astronom, fysikar, ingeniør, vitenskapsteoretiker, topolog, universitetslærar, forskar
InstitusjonarUniversitetet i Paris
École Polytechnique
Alma materÉcole des mines de Paris
Faculté des sciences de Paris
lycée Henri-Poincaré
École Polytechnique
DoktorgradsrettleiarCharles Hermite
EktefelleJeanne-Louise Poulain d'Annecy
BarnJeanne Poincaré, Léon Poincaré
MedlemAcadémie française
Det franske vitskapsakademiet
Det bayerske vitskapsakademiet
Göttingens vitenskapsakademi
Vitskapsakademiet i St. Petersburg
Kungliga Vetenskapsakademien
Det ungarske vitskapsakademiet
Royal Society
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen
Académie de Stanislas
Q2822427
American Academy of Arts and Sciences
Det russiske vitskapsakademiet
Det prøyssiske vitskapsakademiet
American Philosophical Society
Accademia Nazionale delle Scienze detta dei XL
Royal Society of Edinburgh
Accademia delle Scienze di Torino

Som matematikar og fysikar gav han mange fundamentale bidrag til teoretisk matematikk og bruksmatematikk, matematisk fysikk og astronomi. Han formulerte Poincarés formodning, éit av dei mest kjende problema innanfor matematikken. Innanfor forskinga si på trelekamproblemet vart han den første som oppdaga eit kaotisk, deterministisk system, som seinare la grunnen for moderne kaosteori.

Poincaré introduserte prinsippet om den moderne relativiteten og var den første som presenterte Lorentztransformasjonen i den moderne symmetriske forma. Poincaré-gruppa fekk namnet sitt etter han. Poincaré oppdaga den relativistiske rørsletransformasjonen, og skreiv han ned i eit brev til Lorentz i 1905. Dermed fekk han perfekt invarians mellom Maxwell-likningane, det siste trinnet som ein trong for å kunne formulere den spesielle relativitetsteorien.

Han vart utnemnt til æresdoktor ved Det Kongelege Fredriks Universitet i samband med feiringa av 100-årsdagen for fødselsdagen til Niels Henrik Abel i 1902.

Prisar (utval)Endra

KjelderEndra