Herdla skipreide
Herdla skipreide var ei av elleve skipreider i Nordhordland,[1] oppkalla etter øya og sokna Herdla.
Geografisk område etter gammal inndeling:
- Herdla sokn
- del av Askøy sokn (området nord for Byfjorden
- Meland sokn
- del av Bø (Hordabø) sokn (øyane vest for Hjeltefjorden, 1903 avskilde som Hjelme sokn)
- del av Manger sokn (øyane Toska og Flona)
Geografisk område etter noverande inndeling:
- Askøy kommune
- Øygarden kommune
- Meland kommune (unnateke Flatøy)
- del av Radøy kommune (øyane Toska, Flona og Bognøy)
- del av Fjell kommune (øyane Turøy og Misje)
På Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag først i begynninga av 1800-talet, og etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene. 1853 vart Herdla tinglag oppløyst, og områda vart overførte til dei nye tinglaga Årstad, Hamre og Manger.[2]