Opna hovudmenyen
Turøy
Geografi
Norway - Turøy.png
Stad Strilelandet
Koordinatar 60°26′49″N 04°54′54″EKoordinatar: 60°26′49″N 04°54′54″E

Høgaste punkt Turøyvarden (74,51 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Hordaland

Demografi
Folketal 147 (2017)

Turøy er ei øy i Fjell kommune, nordvest for Sotra i Hordaland fylke. Turøy ligg om lag 40 kilometer nordvest for Bergen med bil. Grensa mellom Øygarden kommune og Fjell kommune går gjennom sundet som skil Turøy og Toftøy. Fram til 1964 høyrde Turøy med til dåverande Herdla kommune. I 1964 vart Herdla kommune oppløyst, og Turøy gjekk til liks med naboøya Misje inn i Fjell kommune. I gamal tid var det fiske i kombinasjon med jordbruk og dyrehald som var levevegen.

Turøyvarden står på det høgste punktet på Turøy, 74,51 meter over havet. Frå varden er det fritt utsyn i alle retningar. Varden er frå 1896, murt i gråstein og tjærebredd. Den er vel fem meter høg og har sirkelform, er synleg langt til havs og er eit godt sjømerke. Det kan ha vore varde her tidlegare. I 1991 fekk Turøy bru. Kort tid etter at Turøybrua vart tatt i bruk vart butikk, skule og postkontor lagt ned. Postadressa er 5365 Turøy. Turøy har 147 innbyggjarar (2017).

Turøy er ein god stad for fuglekikking, og Universitetet i Bergen hadde ein periode fuglestasjon på øya. Krigshelten Leif Andreas Larsen starta si første reise over Nordsjøen under andre verdskrigen frå Turøy, med motorkuttaren Motig 1.

LitteraturEndra