Opna hovudmenyen

Koordinatar: 58°31′23.19″N 8°21′0.56″E

Herefoss kyrkje
kyrkje
Herefoss kirke.jpg
Foto: Karl Reidar Gjertsen
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Vest-Nedenes
Sokn Herefoss
Fellesråd Birkenes
Arkitekt Jacob Wilhelm Nordan
Teknikk Lafteverk
Material Tre
Innvigd 11. oktober 1865
 - Endringar Restaurert 1965, 2007
Takryttar Midt på kyrkja
Kyrkjegard Ved kyrkja
Altartavle 1634, frå Oddernes kyrkje
Sitjeplassar 200
Wikimedia Commons: Herefoss kirke

Herefoss kyrkje er eiåttekantkyrkje kirke frå 1865 i bygda Herefoss i Birkenes kommune i Aust-Agder. Byggverket er i lafta tømmer og har 200 plassar. Herefoss kyrkje vart innvigd av biskop Jacob von der Lippe 11. oktober 1865. Den har store vindauge og har ein lys, og enkel stil. Arkitekt var Jacob Wilhelm Nordan.

Herefoss vart eige prestegjeld i 1875. Herefoss høyrer i dag til Birkenes prestegjeld.

Dette er den tredje kyrkja på staden. I 1487 vart Herefoss sokn nemnt i offisielle dokument.[1] Dei to tidlegare kyrkjene lå nærare Herefossfjorden, men staden var flaumutsatt, og ein valde å flytta kyrkja lengre frå vatnet. Byggmester var Mikkel Mortensen. Kyrkja vart omfattande restaurert til hundreårsjubileet.

AltartavleEndra

Altartavla frå 1634 har tidlegare vore i bruk i Oddernes kyrkje, som fekk ny tavle i 1704. Den gamle tavla kom til Herefoss i 1790. Tavla har vore overmåla og vart restaurert tidleg på 1960-talet. Altertavla har to etasjar i same breidde og med sidefløyer. Den er 2,40 meter høg og 2,47 meter breid, og laga av eik og furu. I de øvre bildene sees Adam som klynger seg til korset, et menneske med et anker og en due og et menneske som holder fast i et kors. Dette er i sjeldsynt framstilling av korsfestinga ved at det viser ei teologisk tankerekkje: Jesus heng på korset, blodet strøymer over Adam, ein stråle fra Jesus går rett til Adams hjarte, medan Jesus bøyer hovudet og ser ned på Adam. Bibelteksten er på latin: "Sanguis Jesu Christi Filii Dei purificat nos ab omni peccato (Jesus, Guds sønn, reinsar oss for all synd). I midtfeltet er det skreve inn fleire bibelvers. Nederst på altertavla er det eit bilete av nattverden innrama av nattverdshistoria. Kunstnaren er ukjent, men årstallet er måla i eit av felta på tavla.[1]

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

FotnotarEndra

  1. 1,0 1,1 Øverland, Olava: Våre altertavler. Oslo: Samlaget, 1995.