Hermann Tittel

Hermann Karl Richard Eugen Tittel (12. november 188822. august 1959) var generalmajor i artilleriet og sjef for den tyske 69. divisjon ved invasjonen i Noreg 9. april 1940. Han starta den militære karrieren sin i 1908, og tenestegjorde under heile første verdskrig, på Vestfronten 1914-1915 og 1917-1918 (ved Verdun), i Makedonia 1915-1916 og på Austfronten 1916-1917.

Hermann Tittel
Hermann Tittel (cropped).jpg
Fødd 12. november 1888
Neuhaus am Rennweg
Død

22. august 1959 (70 år)
Münster

Yrke militær
Hermann Tittel på Commons
Colosseum kino, Nr. 2 frå venste: Hermann Tittel

Som oberst vart han 26. august 1939 utnemnd til kommandant for 69. divisjon, like før starten av andre verdskrig. Han vart generalmajor 1. oktober 1939. Under Operation Weserübung, det tyske kodenamnet på invasjonen av Noreg i 1940, leia han 69. divisjon vest i Noreg. Han etablerte hovudkvarter i Bergen.

Hermann Tittel vart generalløytnant 1. september 1941, og 29. september 1941 fekk han kommandoen over 169. infanteridivisjon, som då stod i Finland for å angripe russarane og å skjere av jernbanekommunikasjonen til Murmansk. Han stod som sjef for denne divisjonen til 22. juni 1943, då han vart sett til å leie det 70. armekorps i Sør-Noreg. Han vart utnemnd til kommanderande general 1. september 1943, og sat med kommandoen over dette armekorpset til 9. mai 1945.

Hermann Tittel vart arrestert i Oslo og sat internert i engelske leirar til 12. mai 1948.

LitteraturEndra

BakgrunnsstoffEndra