Heroes and Villains
Heroes and Villains Singel av The Beach Boys frå albumet Smiley Smile | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 24. juli 1967 | |
Innspelt | Oktober 1966 (akkompagnement og første to vers), 27. februar 1967 (akkompagnement refreng) 12. til 14 juni 1967 (resten) | |
Sjanger | Psykedelisk pop | |
Lengd | 3:36 | |
Selskap | Capitol | |
Komponist | Brian Wilson | |
Tekstforfattar | Van Dyke Parks | |
Låtskrivar(ar) | Brian Wilson Van Dyke Parks | |
---|---|---|
Produsent | The Beach Boys | |
The Beach Boys-kronologi | ||
«Then I Kissed Her» (1967) |
Heroes and Villains | «Gettin' Hungry» (1967)
|
«Heroes and Villains» er ein song skriven av Brian Wilson frå The Beach Boys og Van Dyke Parks. Songen var meint som det sentrale stykket på SMiLE, eit album av The Beach Boys som aldri kom ut (det vart spelt inn av Brian Wilson i 2004 som Smile). Fleire utgåver av songen vart spelt inn av The Beach Boys mellom 1966 og 1967.
Komposisjon
endreSongen vart skriven tidleg i 1966. «Heroes and Villains» var det første samarbeidet mellom Wilson og Parks. Då Wilson spelte melodien til han første gong, skal Park visstnok ha kome med opningslinja med ein gong. Forskjellige musikalske tema i songen dukkar opp i fleire andre songar og musikalske fragment på Wilson-utgåva av SMiLE.
Teksten til «Heroes and Villains» er eit døme på allusoriske og lekande måten Parks skreiv for SMiLE, ein kombinasjon av erfaringar, kjensler og tankar frå både Wilson og Parks. I lag med «Surf's Up» og «Cabinessence» er teksten av dei mest komplekse og fleirtydige av songane til The Beach Boys.
«Heroes and Villains» vert generelt rekna som den første songen skriven for SMiLE, men «Barnyard» og «I'm in Great Shape» kan ha vorte skriven på same tid. «Good Vibrations» vart skriven tidlegare, men var opphavlegmeint for Pet Sounds.
Innspeling
endreInnspelinga av songen var ein lang og vanskeleg prosess. Wilson la bort dei andre songane frå SMiLE mot slutten av 1966 og konsentrerte seg om å få ei utgåve av «Heroes and Villains» ferdig for singelutgjeving. Trass i minst tjue innspelingar over ein periode på fleire månader vart han aldri nøgd med resultat før mai 1967 då det var kjend at SMiLE hadde vorte skrinlagt.
Utgjeving
endreFleire forskjellige utgåver av songen finst. Ein vart gjeven ut som singel i juli 1967 (12. plass i USA) og ein anna på albumet Smiley Smile i september 1967. Den originale SMiLE-utgåva vart til slutt gjeven ut som bonusspor på CD-utgåva avSmiley Smile/Wild Honey i 1990.
Songen vart spelt inn på ny i 2004 av Brian Wilson for hans utgåve av SMiLE.
Salslister
endreListe (1967) | Plassering |
---|---|
UK Singles Chart[1] | 8 |
US Billboard Hot 100[2] | 12 |
Musikarar
endreSmile:
- Hal Blaine - trommer
- Carol Kaye - bassgitar
- Lyle Ritz - bass
- Don Randi - piano
- Billy Strange - gitar
- Brian Wilson - solovokal, harmoniar
- Mike Love, Al Jardine, Carl Wilson, Dennis Wilson, Bruce Johnston - korvokal, latter
Smiley Smile:
- Hal Blaine - trommer
- Al Jardine - vokal
- Bruce Johnston - vokal
- Carol Kaye - bass
- Mike Love - vokal
- Brian Wilson - solovokal
- Carl Wilson - vokal
- Dennis Wilson - vokal
- Brian Wilson - solovokal, keyboard
- Scott Bennett - vokal, keyboard
- Nelson Bragg - vokal, perkusjon, fløyte
- Jeffery Foskett - vokal, gitar
- Probyn Gregory - vokal, gitar
- Jim Hines - trommer
- Bob Lizik - bass
- Paul Mertons - baritonsaksofon, munnspel
- Taylor Mills - vokal, perkusjon
- Darian Sahanaja - vokal, keyboard
- Nick Walusko - vokal, gitar
- Staffan Findin - basstrombone
- Andreas Forsman - fiolin
- Erik Holm - bratsj
- Anna Landberg - cello
- Malin-My Nilsson - fiolin
- Bjorn Samuelsson - trombone
- Victor Sand - saksofon, fløyte, klarinett
- Markus Sandlund - cello
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Heroes and Villains» frå Wikipedia på engelsk, den 6. mars 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Beach Boys UK Singles Chart History». Official Charts. Henta 3 March 2018.
- ↑ «The Beach Boys Chart History (Hot 100)». Billboard. Henta 3 March 2018.