Hersvik kyrkje
Hersvik kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1891 i Hersvikbygda nord på Sula i Solund kommune i Vestland. Dette er den fyrste kyrkja på staden.
Hersvik kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Solund | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Nordhordland Sogn | ||
Sokn | Solund | ||
Fellesråd | Solund | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Jacob Wilhelm Nordan | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 10. november 1891 | ||
Sitjeplassar | 168 | ||
Hersvik kyrkje 61°10′17″N 4°53′42″E / 61.1715°N 4.895°E |
Attende i mellomalderen skal det ha vore eit kapell på Lågøy som folket ytst i Solund truleg sokna til, men det er ukjend når det kom bort. I hundreåra mellom Lågøy-kappelet og Hersvik kyrkje sokna folk i området til Vilnes kyrkje på Atløy i Askvoll prestegjeld og Øn kyrkje i Hyllestad prestegjeld.
Hersvik var eige sokn til dei tre sokna i Solund prestegjeld vart slegne saman til eitt i 2000.
Altartavla er måla av Mons Breidvik i 1920, og viser Jesus som bergar Peter frå drukning i stormen på Genesaretsjøen.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Hersvik kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- «Hersvik kyrkje» på NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon
- Sigurd Muri: Norske kyrkjer. Det Norske Samlaget. Oslo 1971
Bakgrunnsstoff
endre- Om Solund sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
- «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
- Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- Hersvik kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Hersvik kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.