Hidra kommune

tidlegare kommune i Vest-Agder fylke i Noreg
For kommunen i Sør-Trøndelag med liknande namn, sjå Hitra kommune.

Hidra kommune (Hitterø herred) var ein kommune i Vest-Agder fylke, oppretta i 1893 og avvikla i 1964.[1][2] Området er no sørvestre delen av Flekkefjord kommune.

Hidra kommune
stad
Land  Noreg
Kart
Hidra kommune
58°13′06″N 6°35′26″E / 58.218472°N 6.59042389°E / 58.218472; 6.59042389
Wikimedia Commons: Hidra
Hidra sett frå Lista

I tillegg til sjølve Hidra femnde kommunen 55 mindre øyer og fastlandet innom nord- og vestover til Sira-dalen og austover til Stolsfjorden.[3] Samla flatevidd var 89,64 km², med 66,81 km² på fastlandet.[3] Kommunen grensa til Sokndal, Lund, Nes og Vanse kommunar.[4] Av tettbygde stader i kommunen var Kirkehamn og Rasvåg på Hidra og Åna-Sira (austre luten, den vestre ligg i Sokndal kommune i Rogaland) og Abelnes på fastlandet.

Kommunen hadde same utstrekkinga som Hidra sokn i Den norske kyrkja hadde då.[4] Det meste av området på fastlandet er sidan overført til Flekkefjord sokn.[5]

Kommunesoge endre

Kommunen vart oppretta 8. oktober 1893 ved at Nes og Hidra kommune vart delt i to, og Nes og Hidra vart eigne kommunar.[1] Ved skipinga budde det 2075 personar i Hidra kommune.[1] 1. januar 1965 vart Hidra, Nes, Flekkefjord by, Gyland og Bakke (minus Øksendal) slått saman til ein kommune som fekk namnet Flekkefjord kommune.[1][2] Ved samanslåinga budde det 1277 personar i Hidra.[1]

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Dag Juvkam. ««Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» s. 38» (PDF). Statistisk sentralbyrå, 1999. 
  2. 2,0 2,1 ««FOR 1964-04-17 nr 08: Forskrift om sammenslåing av Flekkefjord, Nes, Gyland, Bakke og Hidra kommuner, Vest-Agder.»». lovdata.no. Henta 16. oktober 2013. 
  3. 3,0 3,1 Kristian Gleditch (1954). «Hidra». I Arnulv Sudman. Norsk allkunnebok VI. Oslo: Fonna forlag. s. 151-152. 
  4. 4,0 4,1 «Hitterø herred». Norges land og folk : topografisk-statistisk beskrevet : topografisk-statistisk beskrivelse over. 10 2 : Lister og Mandals amt Byerne og herrederne. Kristiania: Aschehoug. 1903. s. 579-592. 
  5. «Geistleg inndelingskart (1979)». Statens kartverk (Nettstaden til Digitalarkivet/Universitetet i Bergen). 

Bakgrunnsstoff endre

  Lund Nes Nes  
Sokndal N Nes
V Hidra kommune A
S
Nordsjøen Nordsjøen Vanse

58°13′57″N 6°32′7″E / 58.23250°N 6.53528°E / 58.23250; 6.53528