High School Confidential av Jerry Lee Lewis
High School Confidential Singel av Jerry Lee Lewis and His Pumping Piano | ||
B-side | ||
---|---|---|
Utgjeve | 20. mai 1958 | |
Sjanger | Rock and roll, rockabilly, country | |
Lengd | 2:27 | |
Selskap | Sun 296 | |
Låtskrivar(ar) | Ron Hargrave, Jerry Lee Lewis | |
Produsent | Sam Phillips | |
Jerry Lee Lewis-kronologi | ||
«Down the Line»
(1958) |
High School Confidential | «The Return of Jerry Lee»
(1958)
|
«High School Confidential» er ein song skriven av Ron Hargrave og Jerry Lee Lewis som kjenningsmelodien til filmen med same namn, regissert av Jack Arnold.
Bakgrunn
endreJerry Lee Lewis spelte inn songen i Sun Studio den 14. februar og reiste så til California, der regissøren sette han, bassisten Jay W. Brown, trommeslagaren Russ Smith, og instrumenta deira på toppen av ei planvogn og fekk Lewis til å mime til songen føre skodespelarar som spelte skuleelevar.[1] Under innspelinga spelte Lewis inn minst 14 opptak av «High School Confidential» (ingen andre songar vart spelte inn), men på den tida vart ingen av desse opptaka gjevne ut. Opptaka frå denne innspelinga vart offisielt gjevne ut tidleg i 1980 på Wild One at the High School Hop, og tre andre opptak hamna i plateboksen Jerry Lee Lewis: The Sun Years (1983). Lewis spelte inn att songen 24. april 1958, i noko lågare tempo. Ei blanding av to forsøk vart gjevne ut på singel[2] i mai 1958 og så på albumet Jerry Lee Lewis i 1958.[3] Sjølve filmversjonen er aldri blitt utgjeven.
Jerry Lee Lewis spelte inn eit konsertopptak av songen med det britiske bandet The Nashville Teens i 1964 på konsertalbumet Live at the Star Club, Hamburg. Songen vart framført av Lewis på ein konsert i 1972 på Wembley Stadium i Storbritannia og vart nytta i dokumentarfilmen frå konserten i 1973, kalla The London Rock and Roll Show. Songen vert òg nytta i filmen Breathless med Richard Gere og Valerie Kaprisky.
«High School Confidential» vart framført i 1983 på Dick Clark sitt TV-program med Jerry Lee Lewis på piano og vokal, Keith Richards på gitar, Mick Fleetwood på trommer og Gary Busey på vokal.
Songen er med i biografifilmen Great Balls of Fire! frå 1989 med ei ny innspeling av Jerry Lee Lewis.
Salslister
endreSongen kom ut på singel 20. mai 1958 med «Fools Like Me» på B-sida og nådde 21. plassen på Billboard Hot 100, niandeplassen på countrylista, femteplassen på R & B-lista og 12. plassen på den britiske singellista.[4] Singelen nådde 13. plassen på den kanadiske lista og selde til gullplate i USA.[5]
Liste (1958) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Hot 100 | 21 |
U.S. Billboard Hot Country Singles | 9 |
U.S. Billboard Hot R&B Singles | 5 |
U.K. Singles Chart | 12 |
Andre versjonar
endreThe Beatles spelte inn songen under innspelinga av Get Back/Let It Be i Twickenham Film studios 6. og 26. januar 1969.[6] Både Adam Faith og Cliff Richard spelte inn songen i 1958.[7] The Refreshments spelte inn songen i 2008. Songen vart òg spelt inn av Johnny Worth, Mike Berry, Marty Wilde, The Blasters, Johnny Hallyday, Brian Setzer, Sha Na Na, Fairport Convention på albumet Moat on the Ledge: Live at Broughton Castle, August '81, Mike Smith, Alan Mills og Siggi Fassl i 2011.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «High School Confidential (Jerry Lee Lewis song)» frå Wikipedia på engelsk, den 28. juli 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Bonomo, Joe (2009). Jerry Lee Lewis: Lost and Found. New York: Continuum Books.
- Gutterman, Jimmy (1991). Rockin' My Life Away: Listening to Jerry Lee Lewis. Nashville: Rutledge Hill Press.
- Gutterman, Jimmy (1993). The Jerry Lee Lewis Anthology: All Killer, No Filler. Rhino Records.
- Silver, Murray (1981). Great Balls of Fire: The Uncensored Story of Jerry Lee Lewis. William Morrow/Quill/St. Martin's Press.
- Whitburn, Joel (1985). The Billboard Book of Top 40 Hits.
- ↑ Tosches, Nick (1982). Hellfire. New York: Grove Press
- ↑ The Jerry Lee Lewis Sun Collection.
- ↑ Jerry Lee Lewis and Charles White (1995). Killer! The Baddest Rock Memoir Ever. London: Century
- ↑ Whitburn, Joel (1985). The Billboard Book of Top 40 Hits.
- ↑ «High School Confidential». Allmusic. Henta 28. juli 2017.
- ↑ The Beatles Bible: Get Back/Let It Be Sessions: Complete Song List.
- ↑ Second Hand Songs: High School Confidential.