Hild
Hild er saman med Hilda og Hilde moderne former for det norrøne hildr, eit ord som tyder 'strid'. På islandsk er det blitt til namnet Hildur, som òg er i bruk i Noreg.
Namnedel og namn
endreSom førsteledd kan hild eller hilde brukast i både manns- og kvinnenamn. Som sisteledd markerer det derimot eit kvinnenamn.
Namn med hild
|
Namn med hild
|
Bruk
endreDet var i 2005 om lag 300 som heiter Hild, 1 200 som heitte Hilda, 2 000 som heitte Hildur og 18 400 som heitte Hilde i Noreg. Hild er dermed eit nokså uvanleg namn, brukt av 0,01 % av norske kvinner.
Hild i kulturen
endre«Hild-soga» eller Hjaðningavíg er ei norrøn soge om bortføringa av Hildr, dotter av Hǫgni, og det store slaget som følgde. Hildr er blitt rekna som ei valkyrje.
Kjende namneberarar
endreLista er ordna kronologisk etter fødselsår.
- Den heilage Hild eller Hilda av Whitby, engelsk helgen frå 600-talet
- Hild Sørby, norsk professor i estetiske fag
- Hild Rolvsdotter, norsk skald
- Hild Sofie Tafjord (f. 1974), norsk jazzmusikar
Bakgrunnsstoff
endre- Søk etter norsk namnestatistikk for Hild hjå Statistisk Sentralbyrå