Holmedal kyrkje i Sunnfjord

kyrkje i Aksvoll kommune
(Omdirigert frå Holmedal kyrkje i Askvoll)

Holmedal kyrkje er teikna av Christian Christie og vart bygd i 1868. Kyrja står i Holmedal, ei grend i Askvoll kommune i Sunnfjord.

Holmedal kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Askvoll
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Sunnfjord
Sokn Askvoll
Fellesråd Askvoll
Type Langkyrkje
Arkitekt Christian Christie[1]
Material Tre
Innvigd 24. november 1868
Tårn Vesttårn
Skip Midtskip, to sideskip[1]
Kyrkjegard Ved kyrkja
Altartavle Frå ca. 1620
Sitjeplassar 432
Kart
Holmedal kyrkje i Sunnfjord
61°21′31″N 5°11′18″E / 61.3587°N 5.1884°E / 61.3587; 5.1884
Wikimedia Commons: Holmedal kirke (Askvoll)

«Som De vil se er Skibet delt i tre Dele, et høiere Midparti i hvilket alle Vinduerne anbringes, og to lavere Sidepartier Hvorved blir saavel Tag som Vegfladerne mindre. Hvorved Stormen faar mindre Husmasse at virke paa. De høit oppe paa Væggene anbrakte Vindues Rækker give Kirken et sterkt Lys fra oven, hvilket ogsaa bidrager til at give det hele et mer kirkeligt og ophøiet Præg.»

Brev frå Christie i 1866.

Kyrkja høyrer til Askvoll sokn i Sunnfjord prosti i Den norske kyrkja. Fram til grensebrigdet mellom Askvoll og Fjaler kommunar i 1990 høyrde ho til Fjaler, og fram til utfasinga av prestegjeld frå 2004 tilhøyrde kyrkja Askvoll prestegjeld.

Tavla endre

Tavla i kyrkja er frå ca. 1620 og er pryda med tre målte felt med bibelmotiv og bibelsitat. Ho vart flytt over frå den førre kyrkja som stod der frå ca. 1600.

Eldre kyrkjebygg endre

Kyrkja som no står i Holmedal er den tredje kyrkja som står der. Det har truleg stått ei stavkyrkje der frå 1200-talet, første gong nemnd i 1305. Den eldste kyrkjeklokka i kyrkja i dag kjem truleg frå denne kyrkja. Kring 1600 vart det bygd ei ny kyrkje med eit kyrkjeskip på 16 x 10 meter og med kor på 6 x 7 meter. Denne kyrkja skal ha vore rosemåla innvendes, men ho var skrøpeleg bygd og måtte fleire gonger rettast opp etter storm. Ho vart riven då den nye kyrkja vart bygd.

Sjå òg endre

Fotnotar endre

  1. 1,0 1,1 Aaraas, Margrethe Henden; Vengen, Sigurd; Gjerde, Anders. «Holmedal kyrkje». Kulturhistorisk leksikon. Fylkesarkivet i Vestland. Henta 27. februar 2021. 

Bakgrunnsstoff endre