Opna hovudmenyen

Hura eller Houra (hebraisk skrift חוּרָה, חוּרָא, arabisk حورة) er ein beduin-landsby i Det sørlege distriktet i Israel. Han ligg nær Beersheba og ved sidan av byen Meitar. Landsbyen vart grunnlagd i 1989 som ein del av ei løysing staten tilbaud Negev-beduinane, og han fekk status som lokal kommune i 1996.

Hura
חוּרָה, חוּרָא, حورة
lokal kommune
Hura.jpg
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Det sørlege distriktet
Koordinatar 31°17′39″N 34°55′52″E
Areal 6,646 km²
Folketal 17 500 (2010) [1]
Folketettleik 2 633 / km²
Grunnlagd 1989
Borgarmeister Dr. Muhammad Al-Nabari[2]
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Hura, Israel

Hura er ein av sju beduinske kommunar i Negevørkenen med godkjende planar og utvikla infrastruktur. Dei seks andre er Ar'arat an-Naqab (Ar'ara BaNegev), Lakiya, Shaqib al-Salam (Segev Shalom), Kuseife (Kseife), Tel as-Sabi (Tel-Sheva) og byen Rahat, som er den største av dei.[3]

Dei to fremste beduinfamiliane som bur i Hura er Abu Alkian og Al-Atawneh. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS) var folketalet i Hura 17 500 i desember 2010[4].

Innhaldsliste

HistorieEndra

 
Hura.

Før opprettinga av Israel, var Negev-beduinar eit delvis nomadisk samfunn som hadde vore gjennom ein prosess for å bli bufaste sidan osmansk styre i regionen. Dei fleste forskarane er samde i at beduinane kom til Negev kring 1800, men det er spor etter dei tidlegare òg.[5]

Under Det britiske mandatet gav ikkje styresmaktene eit lovverk til å avgjere og bevare kven som eigde landområda. For å få orden på dette vart landpolitikken til Israel i stor grad tilpassa dei osmanske landreguleringane frå 1858 som det føregåande lovverket. Dermed nasjonaliserte Israel det meste av Negev ved hjelp av statlege landreguleringar frå 1969.[5]

Israel heldt fram linja for å få fast bustad for Negev-beduinane, som dei osmanske styresmaktene tvinga på dei, og det omfatta først regulering og flytting. I 1950-åra flytta Israel to tredjedelar av Negev-beduinane til eit område som var under krigsrett.[5]

Det neste steget var å opprette sju kommunar spesielt for beduinane med betre levevilkår, skikkeleg infrastruktur og og gode offentelge tenester innan helse og utdanning. Men ikkje alle beduinane gjekk med på å flytte frå telta sine til leilegheitene og husa som staten hadde laga for dei. Kring 60% av beduinane i Israel bur i planlagde landsbyar som Ar'arat an-Naqab, medan resten bur i ulovlege heimar spredd over heile Nord-Negev.[6]

GalleriEndra

Sjå ògEndra

KjelderEndra