Rahat
Rahat (arabisk رهط, hebraisk skrift רַהַט) er ein hovudsakleg beduinsk by i Det sørlege distriktet i Israel. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS) hadde han i desember 2011 eit folketal på 54 882[1][3] Han er dermed den største beduin-busetnaden i verda, og den einaste i Israel som har bystatus.
Rahat | |||
רַהַט, رهط | |||
by | |||
|
|||
Namneopphav: Ro | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Koordinatar | 31°23′33″N 34°45′16″E / 31.39250°N 34.75444°E | ||
Areal | 19,586 km² | ||
Folketal | 53 095 (2010)[1] | ||
Folketettleik | 2 711 / km² | ||
Grunnlagd | 1972 | ||
• Bystatus | 1994 | ||
Borgarmeister | Fayez Abu Sahiban[2] | ||
Rahat 31°23′33″N 34°45′16″E / 31.3925°N 34.754444444444°E | |||
Kart som viser Rahat.
| |||
Wikimedia Commons: Rahat |
Han er ein av sju beduin-busetnader i Negevørkenen med godkjende planar og utvikla infrastruktur, i lag med Hura, Tel as-Sabi (Tel Sheva), Ar'arat an-Naqab (Ar'ara BaNegev), Lakiya, Kuseife (Kseife) og Shaqib al-Salam (Segev Shalom).[4]
Byen har i alt 33 bydelar. Alle utan om ein bydel består av heilt fråskilde beduin-klanar. Mellom kvar bydel er det ein wadi. Byen har òg ein marknad, offentlege og kommersielle tenester, parkar og offentlege område og fleire moskéar.[5][6]
Historie
endreRegionen kring byen er formelt eigd av Al-Tayaha-stamma (Al-Hezeel-klanen) og fram til 1972 vart byen kalla Al-Hezeel (arabisk الهزيل) før han endra namn.
I 1972 vart Rahat rekna som ein ny busetnad for beduinar som budde i området utan permanent bustad. Fram til 1980 var Rahat ein del av Bnei Shimon regionale kommune og frå då og fram til 1994 var han ein lokal kommune. I 1994 vart han den første beduinbyen i Israel som fekk bystatus.
Galleri
endre-
Eit av samfunnshusa i Rahat
-
Privathus i Rahat
-
Rahat
-
Gatene i Rahat
-
Eit legekontor i Rahat
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Rahat» frå Wikipedia på engelsk, den 7. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Population by settlement. Statistisk sentralbyrå (hebraisk)
- ↑ PM Netanyahu meets with Negev beduin mayors MFA, November 3, 2011
- ↑ Rahat, city profile (hebraisk)
- ↑ Staten Israel. Ministry of Justice, Ministry of Foreign Affairs. List of Issues to be taken up in Connection with the Consideration of Israel's Fourth and Fifth Periodic Reports of Israel (CEDAW/C/ISR/4 and CEDAW/C/ISR/5)
- ↑ The beduin of the Negev (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 15. juli 2015, henta 7. september 2015
- ↑ A beduin welcome