Hymns by Johnny Cash
Hymns by Johnny Cash Studioalbum av Johnny Cash | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Original: Mai 1959 Re-issue: 19. mars 2002 | |
Innspelt | 24. juli 1958, 8. august 1958 og 13. august 1958 | |
Sjanger | Gospel, country | |
Lengd | Original: 26:40 Re-issue: 28:44 | |
Selskap | Columbia | |
Produsent | Al Quaglieri, Don Law | |
Kritikk | ||
---|---|---|
Johnny Cash-kronologi | ||
Greatest! (1959) |
Hymns by Johnny Cash | Songs of Our Soil (1959)
|
Hymns by Johnny Cash var det femte albumet til countryartisten Johnny Cash, og det fyrste av mange gospelalbum han gav ut. Albumet vart innspelt og produsert i 1958 og sleppt i 1959. I 2002 vart det gitt ut på ny, med ein nedstrippa monoversjon av «It was Jesus» som bonusspor. Cash hadde nett forlate Sun Records fordi Sam Phillips ikkje ville la han spela inn gospelsongane han hadde vakse opp med. Columbia gav han lov til å spela inn eit par gospelalbum, noko som viste seg å vera ein suksess. Hymns by Johnny Cash vart det mest populære gospelalbumet han nokon sinne gav ut, og det er eit døme på korleis ein kan kombinera tradisjonelle salmar med countrymusikk.
Innspeling
endrePlata vart spelt inn i Bradley Film & Recording Studios i Nashville, Tennessee. Mesteparten av plata vart spelt inn 8. august 1958. I tillegg vart "It Was Jesus" spelt inn 24. juli 1958 og "Lead Me Father" 13. august 1958. I løpet av desse dagane spelte dei òg inn alle spora til The Fabulous Johnny Cash.[2]
Innhald
endreNr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «It was Jesus» (Cash) | 2:08 |
2. | «I Saw a Man» (Arthur Smith) | 2:36 |
3. | «Are All the Children in» (Craig Starrett) | 1:58 |
4. | «The Old Account» (Trad.) | 2:29 |
5. | «Lead Me Gently Home» (Will L. Thompson) | 2:04 |
6. | «Swing Low, Sweet Chariot» (Trad.) | 1:56 |
7. | «Snow in His Hair» (Marshall Pack) | 2:24 |
8. | «Lead Me Father» (Cash) | 2:31 |
9. | «I Call Him» (Johnny Cash, Roy Cash) | 1:50 |
10. | «These Things Shall Pass» (Stuart Hamblen) | 2:20 |
11. | «He'll Be a Friend» (Cash) | 2:00 |
12. | «God Will» (John D. Loudermilk, Marijohn Wilkin) | 2:24 |
Bonusspor
endreNr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
13. | «It Was Jesus (mono)» (Cash) | 2:04 |
Medverkande
endreMusikarar
- Johnny Cash - Arrangør, bandleiar, vokal, hovudartist, gitar
- Luther Perkins - Gitar
- Don Helms - Steelgitar
- Marshall Grant - Bass
- Marvin Hughes - Piano
- Buddy Harman - Trommer
- Morris Palmer - Trommer
- The Jordanaires - Kor
Anna personell
- Al Quaglieri - Produsent
- Don Law - Produsent
- Seth Foster - Mastering
- Mark Wilder - Mastering, Mixing
- Hal Adams - Fotograf
- Don Hunstein - Fotograf
- Stacey Boyle - Tape Research
- Matt Kelly - Tape Research
- Kay Smith - Tape Research
- Steven Berkowitz - A&R
- Darren Salmieri - A&R
- Patti Matheny - A&R
- Howard Fritzson - Art Direction
- Randall Martin - Design
- Nick Shaffran - Consultant
- Johnny Whiteside - Liner Notes
Bakgrunn
endreHymns by Johnny Cash var Cash sitt fyrste gospelalbum hjå Columbia Records. Når det kom ut i 1959 vart det det mest populære gospelalbumet på platemarknaden. I samanheng med Cash sin 70-årsdag 12. februar 2002 vart plata gitt ut på ny, saman med fleire av dei andre platene hans.
Denne plata vert sett på som grunnen til at Cash forlot Sun Records til fordel for Columbia Records. Sam Phillips såg ikkje nokon gevinst i å gi ut religiøse plater. Columbia hindra ikkje Cash, men lét han spela inn dette albumet, som viste seg å selja ein halv million plater. Cash var svært religiøs og distanserte seg sjølv frå Sun si poporienterte haldning.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «en:Hymns by Johnny cash» frå Wikipedia på engelsk, den 8. august 2012.