I'm So Afraid
Singel av Fleetwood Mac
frå albumet Fleetwood Mac
A-side

Over My Head

Utgjeve September 1975 (USA) / Februar 1976 (UK)
Innspelt Februar 1975
Sjanger Hardrock
Lengd 4:22
Selskap Reprise
Låtskrivar(ar) Lindsey Buckingham
Produsent Fleetwood Mac, Keith Olsen
Fleetwood Mac-kronologi 
«Warm Ways»
(1975)
I'm So Afraid «Rhiannon»
(1976)


«I'm So Afraid» er ein song skriven av Lindsey Buckingham for det britisk-amerikanske rockebandet Fleetwood Mac på det tiande albumet deira, Fleetwood Mac.

Bakgrunn endre

Songen er den siste på albumet og vart gjeven ut som B-side til songen «Over My Head». Det var ein hardrocksong, ganske atypisk for ein Fleetwood Mac-song (i det minste etter Peter Green-tida), men vart raskt eit fast nummer på konsertane deira, og vart spelt som siste songen på nesten alle turnane deira, ofte i ein mykje lengre versjon. Han finst på alle konsertalbuma til bandet etter han kom ut og den lengste versjonen (på albumet Fleetwood Mac: Live in Boston) klokkar inn på 9:39. Konsertutgåva frå The Dance vart gjeven ut i redigert form i USA og i 2009 på samlealbumet The Very Best of Fleetwood Mac.

Buckingham spelte òg songen på solokonsertane sine, og gav songen ut på to konsertalbum som soloartist, Live at the Bass Performance Hall, Songs from the Small Machine: Live in L.A. og One Man Show. Songen omhandlar frykt og paranoia.

Struktur endre

Studioversjonen er spelt inn i g-moll, medan konsertversjonane vanlegvis er i f-moll.[1] På nyare turnear har songen blitt spelt i d-moll.

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. Stephenson, Ken (2002). What to Listen for in Rock: A Stylistic Analysis, p.89. ISBN 978-0-300-09239-4.