I Can't Live with You

I Can't Live with You
Singel av Queen
frå albumet Innuendo
Språk engelsk
Utgjeve 1991
Innspelt tidleg 1989 – 1990
Sjanger rock, hardrock
Lengd 4:35
Selskap Hollywood
Låtskrivar(ar) Queen
(Brian May)
Produsent Queen, David Richards
Queen-kronologi 
«Headlong»
(1991)
I Can't Live with You «These Are the Days of Our Lives»
(1991)


«I Can't Live with You» er ein song av den britiske rockegruppa Queen frå 1991 på albumet Innuendo. Songen vart gjeven ut på singel av Hollywood Records i USA, der han nådde 28. plassen på Mainstream Rock Chart.

Songen var skriven av Brian May, men er tilskriven alle dei fire Queen-medlemmane på albumet. «I Can't Live with You» vart opphavleg skriven for eit soloalbum av May. Han gav songen til bandet sidan alle dei tre medlemmane likte han så godt. Trommene vart programmerte på synth av May, medan produsenten David Richards la til nokre klaverlydar.

For singelutgjevinga remiksa den amerikanske produsenten Brian Malouf det originale albumsporet. Remiksen vart kalla «I Can't Live with You (Malouf Mix)». Trass i at det berre er oppført eitt spor på omslaget til promosingelen, er den det andre sporet «I Can't Live with You (Malouf Mix Edit)».[1][2]

Malouf-miksen nyttar eit noko anna vokalspor av Freddie Mercury, høgare og tettare harmonispor, og omprogrammerte synth-trommer. Ein alternativ versjon av songen finst på samlealbumet Queen Rocks frå 1997, kalla «'97 Rocks Retake». Det var sagt at denne var meir slik May og Taylor hadde sett for seg at songen skulle vere.

Songen var av dei siste som Freddie Mercury spelte inn, då han døydde innan eitt år etter albumet kom ut.

Innhald endre

CD-singel
  1. «I Can't Live With You (Malouf Mix)»
  2. «I Can't Live With You (Malouf Mix Edit)»

Lister endre

Liste (1991) Plassering
U.S. Billboard Mainstream Rock Chart[3] 28

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. «Queen I Can't Live With You USA Promo 5» CD SINGLE (7744)». Eil.com. 6. august 1992. Henta 28. juli 2016. 
  2. «I Can't Live With You (promo)». Ultimatequeen.co.uk. 5. mars 2011. Henta 28. juli 2016. 
  3. «Queen». AllMusic. Henta 28. juli 2016. 

Bakgrunnsstoff endre