I Can See Your House from Here

I Can See Your House from Here
Studioalbum av Camel
Språk engelsk
Utgjeve 29. oktober 1979
Innspelt 1979
Studio Farmyard Studios, Little Chalfont, England
Sjanger Progressiv rock
Lengd 46:04
Selskap Gama/Decca
Produsent Rupert Hine
Camel-kronologi 
Breathless
(1978)
I Can See Your House from Here Nude
(1981)


I Can See Your House from Here er det sjuande studioalbumet til den engelske progressive rockegruppa Camel. Det kom ut i 1979 og introduserte ei ny besetning med dei opphavlege medlemmane Andrew Latimer (gitar) og Andy Ward (trommer) i tillegg til bassisten Colin Bass (som erstatta Richard Sinclair), klaverspelaren Jan Schelhaas (som kom inn i 1978 for Breathless-turneen) og Kit Watkins (tidlegare Happy The Man) som erstatta Dave Sinclair. På eit tidspunkt skulle albumet få tittelen Endangered Species.[2][3]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 stars [1]

Innspeling endre

Arbeidet med albumet starta sommaren 1979 i samarbeid med produsenten Rupert Hine i Farmyard Studios i Little Chalfont. Innspelinga fann stad i eit landleg herskapshus, som passa bandet bra. Orkesterinnspelingane vart lagt til i AIR Studios i London. Mel Collins (som òg arbeidde med Caravan) spelte saksofon på albumet, medan Genesis-trommeslagaren og vokalisten Phil Collins spelte perkusjon. Andy Latimer var nøgd med sluttproduktet og sa at Hine «var så kjekk å arbeide med, han var verkeleg på og rask. Eg likte å spele inn dette albumet. Me gjorde det ganske kjapt og det vart ikkje ein langtekkeleg produksjon.»

Albumet kom ut i oktober 1979. Det låg tre veker inne på den britiske albumlista seint i oktober og tidleg i november og nådde 45. plassen. Det vart planlagt ein singel frå albumet, men denne vart skrinlagd. I staden gav dei ut ein maxisingel med ein forkorta versjon av «Remote Romance» med B-sida «Rainbow's End» frå Breathless (1978) og ein versjon av «Tell Me», som først kom ut på Rain Dances (1977). Singelen selde ikkje godt. Singelen «Your Love is Stranger than Mine» / «Neon Magic» kom så ut i februar 1980.

Plateomslag endre

Plateomslaget var basert på ein vits som var noko populær på den tida, der Jesus medan han heng på krossen kallar på Peter, som med stor vanskar når fram til han. Poenget var at jesus berre ville sei til Peter at han kunne sjå huset hans frå der han stod.

Turné endre

Verdsturneen etter albumet byrja 8. oktober i The Dome i Brighton i England, etterfølgd av Frankrike, Tyskland, Sverige, Noreg, Belgia, Spania og enda 29. januar 1980 i Koseinenkinhallen i Tokyo i Japan.

Innhald endre

Side ein
Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Wait»Andrew Latimer, John McBurnie5:02
2.«Your Love Is Stranger Than Mine»Colin Bass, Latimer, Jan Schelhaas, Andy Ward3:26
3.«Eye of the Storm»Kit Watkins3:52
4.«Who We Are»Latimer7:52
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«Survival»Latimer1:12
6.«Hymn to Her»Latimer, Schelhaas5:37
7.«Neon Magic»Latimer, Vivienne McAuliffe, Schelhaas4:39
8.«Remote Romance»Latimer, Watkins4:07
9.«Ice»Latimer10:17
Bonusspor på 2009-utgåva
Nr.TittelLengd
10.«Remote Romance» (singelutgåve) 
11.«Ice» (konsertopptak frå 1981)7:15

Medverkande endre

Camel
Andre medverkande

Kjelder endre