I Don't Want to Spoil the Party
I Don't Want to Spoil the Party av The Beatles frå albumet Beatles for Sale | ||
A-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 4. desember 1964 | |
Innspelt | 29. september 1964 EMI Studios, London | |
Sjanger | ||
Lengd | 2:33 | |
Selskap | Parlophone, Capitol (US singel) | |
Komponist | John Lennon, Paul McCartney | |
Tekstforfattar | John Lennon, Paul McCartney, Lennon/McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Lennon–McCartney | |
Produsent | George Martin | |
Amerikansk The Beatles-singel-kronologi | ||
«I Feel Fine» (1964) |
I Don't Want to Spoil the Party | «Ticket to Ride» (1965)
|
«I Don't Want to Spoil the Party» er ein song av The Beatles, skriven av John Lennon og tilskriven Lennon–McCartney.[3] Han vart gjeven ut på albumet Beatles for Sale i Storbritannia i 1964. «I Don't Want to Spoil the Party» kom òg ut på EP-en Beatles for Sale (No. 2).[4] I USA gav Capitol ut songen som B-sida til singelen «Eight Days a Week», og seinare på albumet Beatles VI, begge i 1965. Singelen gjekk heilt til topps på den amerikanske singellista[5] (men vart ikkje gjeven ut i Storbritannia);[6] «I Don't Want to Spoil the Party» gjekk òg inn på lista og nådde 39. plassen på Billboard Hot 100.[5]
Innspeling
endreThe Beatles spelte inn «I Don't Want to Spoil the Party» den 29. september 1964 og brukte 19 forsøk. Det siste forsøket vart gjeve ut.[7] Gitarsoloen til George Harrison vart spelt på den nye Gretsch Tennessean-gitaren hans i same stil som Carl Perkins,[8] der midttonane vart skrudd opp, slik at lyden vart særskild lys.[9] I følgje The Encyclopedia of Country Music er songen eit tidleg døme på countryrock, som The Byrds arbeidde mykje med kort tid seinare.[1]
Det er usemje mellom biografane til Beatles om kven som syng den låge stemma under verset, under solovokalen til Lennon. MacDonald meiner det er Harrison,[8] medan John Winn meiner det er McCartney.[10] I følgje musikkforskaren Walter Everett, er det Lennon sjølv som syng harmonivokalen.[9]
Medverkande
endreI følgje Walter Everett:[9]
- John Lennon – solo- og harmonivokal, akustisk rytmegitar
- Paul McCartney – bass, harmonivokal
- George Harrison – sologitar, korvokal
- Ringo Starr – trommer, tamburin
Salslister
endreListe (1964) | Plassering |
---|---|
US Billboard Hot 100[11] | 39 |
Rosanne Cash-versjonen
endreI Don't Want to Spoil the Party Singel av Rosanne Cash frå albumet Hits 1979-1989 | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1989 | |
Sjanger | Country | |
Lengd | 2:36 | |
Selskap | Columbia | |
Komponist | John Lennon, Paul McCartney | |
Tekstforfattar | John Lennon, Paul McCartney, Lennon/McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Lennon–McCartney | |
---|---|---|
Produsent | Rodney Crowell, Rosanne Cash | |
Rosanne Cash-kronologi | ||
«Runaway Train» (1988) |
I Don't Want to Spoil the Party | «Black and White» (1989)
|
Rosanne Cash spelte inn songen for samlealbumet Hits 1979-1989. Versjonen hennar gjekk til topps på Billboard si Hot Country Songs-lista i 1989. Det var den siste førsteplassen til Cash så langt, og den einaste Lennon-McCartney-songen som har toppa countrylista.
Salslister
endreListe (1989) | Plassering |
---|---|
Canada Country Tracks (RPM)[12] | 1 |
US Country Songs (Billboard)[13] | 1 |
Årslister
endreListe (1989) | Plassering |
---|---|
Canada Country Tracks (RPM)[14] | 23 |
US Country Songs (Billboard)[15] | 16 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «I Don't Want to Spoil the Party» frå Wikipedia på engelsk, den 11. mars 2018.
- ↑ 1,0 1,1 Kingsbury, McCall & Rumble 2012, s. 106.
- ↑ Terence J. O'Grady (1. mai 1983). The Beatles, a musical evolution. Twayne. s. 58. ISBN 978-0-8057-9453-3.
- ↑ Miles 1997, s. 175.
- ↑ Ruhlmann 2009.
- ↑ 5,0 5,1 Wallgren 1982, s. 40.
- ↑ Lewisohn 1988, s. 200.
- ↑ Lewisohn 1988, s. 49.
- ↑ 8,0 8,1 MacDonald 2005, s. 129.
- ↑ 9,0 9,1 9,2 Everett 2001, s. 258.
- ↑ Winn 2008, s. 273.
- ↑ "Beatles?f=379&g=Singles The Beatles Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for The Beatles. Prometheus Global Media.
- ↑ "RPM Country Tracks." RPM. Library and Archives Canada. 26. juni 1989. Retrieved 28. august 2013.
- ↑ "Cash?f=357&g=Singles Rosanne Cash Album & Song Chart History" Billboard Country Songs for Rosanne Cash. Prometheus Global Media.
- ↑ «RPM Top 100 Country Tracks of 1989». RPM. 23. desember 1989. Henta 28. august 2013.
- ↑ «Best of 1989: Country Songs». Billboard. Prometheus Global Media. 1989. Henta 28. august 2013.
- «Hits 1979–1989 > Charts and Awards». Allmusic. 2009. Henta 18. november 2009.
- Everett, Walter (2001). The Beatles as Musikars: The Quarry Men through Rubber Soul. New York, NY: Oxford University Press. ISBN 0-19-514105-9.
- Kingsbury, Paul; McCall, Michael; Rumble, John W. (eds) (2012). The Encyclopedia of Country Music (2nd edn). New York, NY: Oxford University Press. ISBN 978-0-19-539563-1.
- Lewisohn, Mark (1988). The Beatles Recording Sessions. New York: Harmony Books. ISBN 0-517-57066-1.
- MacDonald, Ian (2005). Revolution in the Head: The Beatles' Records and the Sixties (Second Revised utg.). London: Pimlico (Rand). ISBN 1-84413-828-3.
- Miles, Barry (1997). Paul McCartney: Many Years From Now. New York: Henry Holt and Company. ISBN 0-8050-5249-6.
- Ruhlmann, William (2009). «Review of «I Don't Want to Spoil the Party»». Allmusic.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - Wallgren, Mark (1982). The Beatles on Record. New York: Simon & Schuster. ISBN 0-671-45682-2.
- Winn, John C. (2008). Way Beyond Compare: The Beatles' Recorded Legacy, Volume One, 1962–1965. New York, NY: Three Rivers Press. ISBN 978-0-307-45239-9.