I Have Dreamed
I Have Dreamed Singel av The Lettermen frå albumet I Have Dreamed | ||
B-side |
«The Pendulum Swings Both Ways» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1969 | |
Lengd | 2:53 | |
Selskap | Capitol | |
Komponist | Richard Rodgers | |
Tekstforfattar | Oscar Hammerstein II | |
Låtskrivar(ar) | Richard Rodgers, Oscar Hammerstein II | |
The Lettermen-kronologi | ||
«Put Your Head on My Shoulder» (1968) |
I Have Dreamed | «Hurt So Bad» (1969)
|
«I Have Dreamed» er ein musikalsong frå Rodgers and Hammerstein-musikalen The King and I frå 1951. Den originale Broadway-produkskjonen vart sungen av Doretta Morrow og Larry Douglas. Han har sidan blitt ein standard og mange artistar har gjort innspelingar av denne songen. Melodien vert skulda å vere for lik Alfred Newman-songen «The Hill of the Brilliant Green Jade» frå filmen The Keys of the Kingdom frå 1944 med Gregory Peck,[1], men berre sju notar er dei same.
I musikalen syng karakterane Lun Tha og Tuptim om korleis dei drøymer at kjærleiken deira skal bløme medan dei førebur seg til å rømme frå slottet til kongen. Dette står i kontrast til den dempa stemninga i songen «We Kiss in a Shadow», der dei fryktar at kongen kjem til å få vite om kjærleiken deira.
«I Have Dreamed» vart lagt til musikken til The King and I under ei prøvespeling utanbys. Songen vart spelt inn for filmmusikken til filmversjonen av The King and I, men det vart ikkje filma scener med «I Have Dreamed» og songen vert berre nytta som bakgrunnssmusikk like før scenen «We Kiss in a Shadow». «I Have Dreamed» var likevel med på filmmusikkalbumet til filmen.
Innspelte versjonar
endre- Ronnie Aldrich
- Thomas Allen
- Julie Andrews (1994) - Broadway: The Music of Richard Rodgers
- June Angela og Martin Vidnovic for Broadway-musikalen frå 1977 av The King and I
- Jane Ira Bloom
- Boston Pops Orchestra
- Peabo Bryson med Lea Salonga (1992) for Hollywood Bowl-versjonen av The King and I
- Chad & Jeremy (Billboard Hot 100 i 1965
- Donna Cruz
- Bill Cunliffe
- Bobby Darin
- Sammy Davis Jr.
- Doris Day
- Trudy Desmond
- Connie Evingson
- Sergio Franchi spelte inn songen på albumet The Exciting Voice of Sergio Franchi frå 1964[2]
- Connie Francis
- David Friesen
- Wilbur Harden
- Fred Hersch
- Lena Horne
- Betty Johnson
- Dick Johnson
- Tom Jones
- Andre Kostelanetz
- Nancy Lamott
- Julius LaRosa
- The Lettermen
- Keith Lockhart
- London Philharmonic Orchestra
- Mantovani
- Johnny Mathis
- Howard McGillin
- Dave McKenna
- Helen Merrill
- Glenn Miller Orchestra
- Matt Monro
- Doretta Morrow med Larry Douglas - den originale Broadway-innspelinga
- Patrice Munsel
- Kelli O'Hara
- Greg Phillinganes
- Herb Pomeroy
- Royal Philharmonic Orchestra
- "Little" Jimmy Scott
- Jeanette Scovotti
- Doc Severinsen
- Marc Shaiman - arrangert for filmen The American President
- Cybill Shepherd
- David Silverman
- Kaz Simmons – Take Me Home (2005)
- Frank Sinatra - The Concert Sinatra (1963)
- Barbra Streisand- spelte songen i 1985 som ein del av King and I-medleyen som nyttar element av «We Kiss In a Shadow” og endar med «Something Wonderful».
- Bryn Terfel (1996) - Something Wonderful: Bryn Terfel sings Rodgers and Hammerstein
- Scott Walker
- Gerald Wiggins
- Andy Williams
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «I Have Dreamed» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mai 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Film Score Click Track». Arkivert frå originalen 23. september 2016. Henta 1. mai 2014.
- ↑ http://www.discogs.com Sergio Franchi