Ich glaube, lieber Herr, hilf meinem Unglauben

Ich glaube, lieber Herr, hilf meinem Unglauben!, BWV 109, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Ich glaube, lieber Herr, hilf meinem Unglauben!
BWV 109
Kantate av Johann Sebastian Bach
SjangerKoral
PeriodeBarokken
Komponert1723
Urframføring17. oktober 1723
Publiseringsdato1876
Typisk lengd24:30
Satsar/akter6
Toneartd-moll

Han vart komponert i Leipzig i 1723 for den 21. sundagen etter treeiningssundag, dette året den 17. oktober.

Teksten er henta frå Evangeliet etter Markus 9: 24 (første sats) og Lazarus Spengler (sjette sats), medan resten er skriven av ein ukjend opphavsmann.

Koraltemaet er basert på salmen «Durch Adams Fall ist ganz verderbt». Denne melodien vart først nytta i ei skillingsvise om slaget ved Pavia den 24. februar 1525. Denne vart seinare omskrive til ein kyrkjeleg koral og kom ut i Geistliche Lieder (redigert av Joseph Klug) i Wittenberg i 1529. Ein har ikkje lenger kopiar av denne boka. Der ser ut til at teksten til Spengler alt då vart nytta til denne melodien.

Instrumentering og struktur endre

Stykket er instrumentert for valthorn da caccia, to oboar, to fiolinar, bratsj og basso continuo, samt to songsolistar (alt, tenor) og firedelt kor.

Det består av seks satsar:

  1. «Ich glaube, lieber Herr, hilf meinem Unglauben», Koral
  2. «Des Herren Hand ist ja noch nicht verkürzt», Resitativ for tenor
  3. «Wie zweifelhaftig ist mein Hoffen», Arie for tenor
  4. «O fasse dich, zu zweifelhafter Mut», Resitativ for alt
  5. «Der Heiland kennet ja die Seinen», Arie for alt
  6. «Wer hofft in Gott und dem vertraut», Koral

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre