Pieter Bruegel den eldre

Pieter Bruegel den eldre, fødd omkring 1525/30, døydde 5. september 1569, var ein målar under den nederlandske renessansen. Han er særleg kjend for skildringane sine av dagleglivet i hertugdømmet Brabant (Flandern) på 1500-talet. Bruegel vart også kalla «de Drol» ('den komiske') eller også Bondebruegel, for å skilje han frå andre målarar frå same familien.

Pieter Bruegel den eldre

Statsborgarskap Habsburg Netherlands
Fødd 1525
Breda, Bree
Død

9. september 1569 (44 år)
Brussel

Yrke kunstmålar, grafikar, teiknar
Sjanger nordisk renessanse, landskapsmåleri, portrett, stilleben, dyrekunst, marinemåleri
Medlem av Antwerpen Sankt Lukas Gilde
Ektefelle Mayken Coecke
Born Pieter Brueghel den yngre, Jan Brueghel
Signatur
Pieter Bruegel den eldre på Commons

Liv og gjerning endre

 
Babels tårn, 1563
 
Nederlandske ordtak, 1559
 
Jegerar i snøen, 1565
 
Bondebryllaup, 1568

Pieter Bruegel var truleg fødd i Breda. I følgje Karel van Mander si bok Het Schilderboeck ('Målarboka'), publisert i 1604 i Amsterdam, var Bruegel elev hjå kunstnaren Pieter Coecke van Aelst i Antwerpen. Bruegel var i den byen i 1551, der han i første omgang jobba i den store koparverkstaden til meisteren Hieronymus Cock. Åra 1552-55 var han på ei reise i Italia. Framstilling av landskap har då fått ein framskoten plass i bileta hans. Frå 1553 budde han ei tid i Roma, der han arbeidde for miniatyrmålaren Giulio Clovio. Derifrå fór han tilbake til Antwerpen og Cock sin koparverkstad.

I 1563 gifta han seg i Brussel, der han slo seg ned. Mellom oppdragsgjevarane til Bruegel talde folk som kardinalen Antoine Perrenot de Granvelle, minister for kong Filip II av Spania og rådgjevar for Margaret av Parma, som var statthaldar over Nederlanda. Også den rike samlaren Niclaes Jonghelinck i Antwerpen og kartografen og bokhandlaren Abraham Ortelius gav Bruegel fleire målaroppdrag.

Både dei to sønene Jan og Pieter, og Jan sin son og soneson vart kjende målarar, men ingen av dei var så framståande som Pieter Bruegel den eldre. Saman med sønene Pieter Brueghel den yngre og Jan Brueghel den eldre grunnla han målardynastiet Bruegel. Pieter Brueghel den yngre overtok målarverkstaden og materialet, og produserte nesten som standard kopiar av komposisjonar laga av faren. Jan Brueghel den eldre kopierte nokre av bileta til faren, men i sin eigen miniatyraktige stil, og utvikla seg deretter uavhengig av dei viktigaste målarane i Antwerpen på 1600-talet.

Pieter Bruegel den eldre døydde 5. september 1569 og vart gravlagd frå kyrkja Notre-Dame de la Chapelle.

Verk endre

Den særeigne stilen til Bruegel skil seg mykje ut frå manierismen, som var den herskande stilretninga i samtida. Større påverknad kom frå Hieronymus Bosch, særleg i dei tidlege arbeida hans ser ein tilvisingar til Bosch sitt biletspråk. Bruegel representerer høgdepunktet i flamsk landskapsmåleri på 1500-talet. Han grunnla den nederlandske bondesjangeren og skapte mange allegoriske verk utifrå ordtak, folkekultur og humanistisk kultur.

Bruegel vart tidleg kjend for skildringane av bondelivet, som til dømes i Bondebryllaup og Bondedans. Men berre ein liten del av produksjonen er slike sjangermåleri. Eit av dei mest kjende verka hans er måleriet Nederlandske ordtak. I dette arbeidet vert over hundre nederlandske ordtak formidla som bilete. Bilete som desse, med 100 eller fleire personar avbilda, finn ein mange av i produksjonen hans. Gjennom framifrå biletkomposisjon framstår desse motiva likevel som balanserte.

Bileta til Bruegel er svært komplekse, kvar vesle detalj av verka hans er tilsikta og har vanlegvis ei særleg tyding. Uttrykk for død og øydelegging som følgje av synder, som i Dødssyndene, men også for livsfryd og dydar, som i Dydane og Barneleik, kjem til syne gjennom heile produksjonen hans. Han utforskar og vurderer haldningar og gjerningar knytt til desse sidene av livet. Synet på den omsnudde verda er nøkkelen til å forstå mange av verka hans.

Bileta Den dystre dagen, Slåtten, Skurdonna, Bølingen på heimferd og Jegerar i snøen er kjende måleri or ein serie. Desse vart laga i 1565 på oppdrag frå kjøpmannen, bankmannen og kunstsamlaren Nicolaes Jonghelinck. To andre bilete, Barneleik og Babels tårn, høyrde truleg med i same serien. Syklusen skildrar årets gang, der kvart måleri representerer to av dei tolv månadane i året.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Pieter Bruegel den eldre