Ina Kringlebotn

Ina Kringlebotn (198321. juni 2015) var ein norsk sopran. I utlandet nytta ho òg artistnamnet Ina Kringelborn.[1]

Ina Kringlebotn
Fødd1983
FødestadMoss
Død21. juni 2015 (31 år)
OpphavNoreg
Instrumentvokal
Verka somoperasongar

FamilieEndra

Ina Kringlebotn vaks opp på Kråkstad i Ski kommune.[2] Ho var niese av sopranen Solveig Kringlebotn.[3]

Ho var gift med den finske barytonen Ludvig Lindström.

Kringlebotn starta songstudiane sin ved Norges musikkhøgskole i Oslo. Seinare studerte ho ved Operaakademiet i København og ved Det Kongelige Danske Musikkonservatorium.[4]

KarriereEndra

Ina Kringlebotn starta den musikalske karrieren sin i hip hop/RnB-duoen Gulltoppane, saman med Christine Dancke. Dei var ein del av undergrunnsmiljøet til norsk rap tidleg på 2000-talet. Etter kvart gjekk dei i kvar sin retning, og Ina satsa på opera. Ho debuterte ved Den norske Operaen i 2004, i rolla som Valencienne i Den glade enke.[4] I 2007 vart ho invitert til å synga ved Academie européenne de musique i Aix-en-Provence. Der vart ho kåra til «Laureat HSBC», og drog deretter på turné i Kina.[1][5] I Aix song ho året etter rolla som Sandrina i Haydns L'Infideltà Delusa, og denne oppsettinga gjesta òg Monaco, Sceaux, Bilbao, Valladolid og Bremen.[1] I 2009 song ho hovudrolla som Mimi mot Marius Roth Christensen i Puccinis La Bohème på sommaroperaen på Oscarsborg festning. Same haust var ho gjestesongar i Poppeas kroning på Den norske Operaen, og drog så til Bremen der ho medverka i Haydns L'Infedeltà Delusa.[4]

Frå 2010 til 2013 var ho tilsett som solist ved Komische Oper Berlin.[5] I 2012 opptredde ho på OscarsborgOperaens «Operafest», og spelte rolla som Solveig i Peer Gynt-oppsetninga på Gålå.[2]

FjernsynsopptrededanrEndra

I 2003 stilte Ina Kringlebotn og Mari Eriksmoen som lag i ein NRK-produksjon der dei konkurrerte med andre kunstnarar om støytte vidare til utdanning.[6]

I 2011 spelte NRK inn Den norske Opera sin produksjon av operaen Poppeas kroning, med Ina Kringlebotn i rolla som Fortuna. Førestillinga, som vart sendt i to delar, er tilgjengel på NRK-TV fram til 1. april 2026.[7][8]

Roller (utval)Endra

Aix-en-ProvenceEndra

OscarsborgEndra

Den norske OperaenEndra

Oper BremenEndra

  • Sandrina – L'Infedeltà Delusa av Joseph Haydn

Komische Oper BerlinEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 «Biografi - ina kringlebotn» (på engelsk). Arkivert frå originalen 2017-02-20. Henta 19. februar 2017. 
  2. 2,0 2,1 «Sopranen Ina Kringlebotn er død». www.amta.no (på norsk). 23. juni 2015. 
  3. «Sopran Ina Kringlebotn er død» (på norsk bokmål). 23. juni 2015. Henta 25. september 2020. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «Sopran Ina Kringlebotn er død». VG (på norsk). 
  5. 5,0 5,1 «Nekrolog: Ina Kringlebotn». Aftenposten. 26. juni 2015. 
  6. NRK (15. september 2003). «Mari Eriksmoen og Ina Kringlebotn». NRK (på norsk). Mari Eriksmoen og Ina Kringlebotn studerer klassisk sang ved Norges musikkhøyskole, og har spilt sammen i flere år.  De fremfører helst sine egne versjoner av klassiske vokalnumre, men synger også gjerne jazz, pop, rock og musikalstoff.  I fremtiden håper de begge å kunne etablere seg som operasangere, og de vil dessuten gjerne vise ungdommen at opera ikke nødvendigvis må være noe stivt og kjedelig, men også kan ha appell til de unge. 
  7. «NRK TV - Se Poppeas Kroning (1:2)» (norsk). 30. oktober 2011. Henta 19. februar 2017. «Poppeas Kroning - opera av Claudio Monteverdi. (1:2) Monteverdis opera fra 1642 er et musikalsk overflødighetshorn, men komponisten slår hardt til med sin skildring av keiser Nero, hans flamme Poppea og de andre elskende parene i det gamle Rom. Et klassisk drama om makt og begjær som ikke tegner et sympatisk bilde av mennesket - og i denne sammenheng har ikke mye forandret seg siden operaen ble skrevet for 365 år siden. Dette er en tv-versjon av oppsetningen på Den norske opera og ballett i regi av Ole Anders Tandberg. Dirigent: Alessandro de Marchi.» 
  8. «NRK TV - Se Poppeas Kroning (2:2)» (norsk). Henta 19. februar 2017. 

BakgrunnsstoffEndra