Satyajit Ray(2. mai 192123. april 1992) var ein indisk bengalsk filmregissør, illustratør og forfattar. Han er rekna som ein av dei største filmskaparane frå 1900-talet, og var viktig i å gjera indisk film kjend for eit internasjonalt publikum. Ray regisserte 37 filmar, både spelefilmar, dokumentarfilmar og kortfilmar.

Satyajit Ray

Verkeleg namn Namnet på bengali er সত্যজিৎ রায়, sjåttådjit raj uttale
Statsborgarskap India
Fødd 2. mai 1921
100A, Garpar Road, Kolkata
Død

23. april 1992 (70 år)
Kolkata

Yrke filmregissør, skribent, komponist, filmprodusent, manusforfattar, filmklyppar, songtekstforfattar, journalist, låtskrivar, barnebokforfattar, kunstmålar, filmfotograf, lyrikar, filmmeldar, regissør
Språk hindi, engelsk, bangla
Religion Hinduismen
Far Sukumar Ray
Mor Suprabha Ray
Ektefelle Bijoya Ray
Nettstad http://www.satyajitray.org/
Satyajit Ray på Commons

Bakgrunn endre

Satyajit Ray var fødd i Calcutta, der han voks opp i ein familie med interesse for kunst og samfunn. Farfaren, Upendrakishore Ray, var ein leiar i Brahmo Samaj, ei rørsle for religiøs og sosial reform. Faren, Sukumar Ray, var ein kritikar og illustratør og forfattar av tøysevers og barnelitteratur. Han døydde to år etter at sonen blei fødd. Satyajit voks opp som einebarn forsørgd i nokså tronge kår av mora, Suprabha Ray.

Ray gjekk på ein statsdriven, bengalitalande grunnskule, men tok den vidaregåande utdanninga si på engelsk ved prestisjetunge Presidency College, og blei slik tospråkleg. Mora overtalte han til å studera ved Visva-Bharati-universitetet universitet grunnlagd av Rabindranath Tagore i Santiniketan. I tillegg til den urbane og vestlege bakgrunnen fekk han dermed ei djupare forståing for indisk og landleg kultur, og fekk augo opp for indisk kunst.

Etter avslutta utdanning fekk Ray arbeid som reklamekunstnar og illustratør i Calcutta i 1943. Han utforma utsida på mange bøker, mellom anna Pather Panchali (1944) av Bibhuti Bhushan Banarjee, som skulle bli til hans første film. Ray var også svært filminteressert, gjekk mykje på kino, skreiv filmmanus og var med på å grunnleggja Calcutta Film Society i 1947.

I 1949 gifta han seg med kusina og kjærasten Bijoya Ray, som han fekk sonen Sandip med. Dette året møtte han også Jean Renoir, som var i Bengal for å filma. I 1950 blei han send til London for jobben sin, og nytta høvet i løpet av dei tre månadane han var der til å sjå 99 filmar. Oppmuntring frå Renoir og den neorealistiske filmen Ladri di biciclette ('Sykkeltjuvar', 1948) av Vittorio De Sica gav han støytet til å prøva å filma Pather Panchali.

Regissør endre

Verken Ray eller medhjelparane han samla hadde erfaring med å laga film, og han fekk inga støtte frå bengalske filmprodusentar. I staden brukte han sine eigne pengar, medan filmteamet arbeidde gratis. Filminga byrja seint i 1952 og tok to og eit halvt år, med stadige avbrot for å skaffa meir pengar. Ray tok likevel ikkje imot føringar frå moglege støttespelarar om det ville øydeleggja visjonen hans. Til slutt fekk han eit lån frå dei bengalske styresmaktene slik at Pathan Panchali kunne sleppast i 1955. Filmen blei ein publikums- og for det meste også ein kritikarsuksess, med ei rekkje framsyningar i India og utlandet. Han fekk 16 filmprisar, mange av dei ved internasjonale filmfestivalar.

Dette gav Ray høve til å filma dei to andre bøkene i trilogien, Aparajito (1956) og Apur Sansar (1959). Filmane fortel om Apu, sonen av ein fattig hinduprest i spenninga mellom tradisjon og modernitet. Han laga også to andre filmar som kom ut i 1958: Ein komedie, Parash Pathar ('Dei vises stein') og Jalsaghar ('Musikkrommet'), om det rotnande føydale landeigarsystemet zamindari. I løpet av karrieren sin prøvde Ray å aldri gjenta seg sjølv, og han laga derfor filmar frå ei rekkje sjangrar, frå tragediar til musikalar. Ray fekk også i oppdrag av statsminister Nehru å laga ein dokumentar om Tagore, eit vanskeleg arbeid fordi det fanst så lite filma materiale av diktaren.

I 1964 laga Ray Charulata, basert på ei novelle av Tagore, om ei einsam, intelligent kone som kjenner seg tiltrekt av svogeren. Filmen er ein av dei mest kritikarroste til Satyajit Ray, og den han sjølv var mest nøgd med. Charulata var eit historisk drama, som fleire andre av hans filmar, til dømes Shatranj ke Khilari (1977), om to lidenskapelege sjakkspelarar i Lucknow medan britane tek over fyrstedømet, og Ghare Baire (1984), om den første bengalske opprørsrørsla mot britisk styre i 1907–08.

Ray laga også ei rekkje filmar frå si eiga tid og miljø i Calcutta. Han laga ein laust samanhengande trilogi om eit Bengal råka av naxalittopprøret med Pratidwandi (1970), Seemabaddha (1971) og Jana Aranya (1975). Dei siste tre filmane hans, som tok opp korrupsjon, blei for det meste filma innandørs på grunn av Ray si reduserte helse etter eit hjarteåtak. Den første, Ganashatru (1989), er basert på En Folkefiende av Henrik Ibsen. Shakha Proshakha (1990) skildrar vonbrotet ein gammal far har over å sjå kor korrupte tre av sønene hans er blitt. Agantuk (1991), om ein mistenkeleg gjest, var Ray sin siste film, og er rekna som eit meisterverk.

I 1992 blei Ray stadig svakare, og blei lagd inn på sjukehus. Han blei tildelt ein æres-Oscar få veker før han døydde.

Kjelder endre

  • Robinson, W. Andrew (2010), «Ray, Satyajit», Encyclopædia Britannica, Encyclopædia Britannica Online 

Bakgrunnsstoff endre