Opna hovudmenyen

Dr. Kattassery Joseph Yesudas (fødd 10. januar 1940), mest kjend som Yesudas, er ein vidkjend sør-indisk songar.

K.J. Yesudas
Kj-yesudas-indian-playback-singer-2011.jpg
Fødd10. januar 1940
FødestadFort Kochi
OpphavIndia, Britisk India
Aktiv1961–
SjangerKlassisk indisk musikk
Instrumentvokal
Verka somsongar
FarAugustine Joseph
PrisarSangeet Natak Akademi Award, Padma Bhushan, National Film Award for Best Male Playback Singer, Padma Shri in arts, Padma Vibhushan

Kattassery Joseph Yesudas vart fødd i Fort Kochi i Kerala av foreldra Augustine og Elizabeth Joseph. Far hans, Augustine Joseph, var ein velkjend malayalisk klassisk musikar og skodespelar i si tid.

Yesudas er ein malayalisk songar og representant for den karnatiske musikken. Han vart påmeldt musikkakademiet i Thirupunithura og vann ein gullmedalje for musikk i ei lokal tevling i Fort Kochi berre sju år gammal.

I karrieren sin har han sunge meir enn 30 000 songar for tusenvis av indiske filmar på mange språk — som til dømes tamil, kannada, gujarati, telugu og bengali. Han vart òg invitert av den sovjetiske regjeringa til å halde konsertar i Sovjetsamveldet i 1965.

Indias president gav han tittelen Padmashree i 1973.

Ei tid etter at han fekk tittelen hadde Yesudas problem med den kristne kyrkja i India. Dei fleste karnatiske songane er om hindugudar, og Yesudas song dei med så mykje kjensle at kyrkja ottast at han snart ville forlata kristendommen. Han vart nekta alle kristne sakrament for ei stund, og hans første son kunne ikkje bli døypt i kyrkja. Men han heldt fram med musikken og over tid vart kyrkja overtydd om at musikk for han berre var ein måte å dyrka Gud på. «Gud har ingen religion,» sa Yesudas, og det godtok kyrkja til slutt. Han fekk igjen alle religiøse rettar i kyrkja i 1980-åra, og den andre sonen hans, Vijay Yesudas, gav sin første konsert i ei kristen kyrkje. Dr. Yesudas og kona hans, Prabha, har tre søner — Vinod, Vijay og Vishal. Familien bur for tida i Chennai (tidl. Madras) i delstaten Tamil Nadu i India.

Titlar og prisarEndra

 
K.J. Yesudas, 2010
  • 1970 - Staten Keralas playback-songpris 16 gonger sidan 1970.
  • 1973 - Padmashree - frå Indias president
  • 1974 - Sangeetha Raja
  • 1988 - Sangeetha Chakravarthy
  • 1988 - Beste playback-songar i 1988 frå regjeringane både i Tamil Nadu og Andhra Pradesh
  • 1989 - Sangeetha Sagaram
  • 1989 - Æresdoktorat frå Annamalai University
  • 1991 - Indisk nasjonalpris for beste playback-songar
  • 1992 - Aashtana Gayakan frå regjeringa i Kerala og The Sangeeta Nataka Akademi
  • 1992 - Den årlege Latha Mangeshkar-prisen frå regjeringa i Madhya Pradesh
  • 1994 - Den indiske nasjonale borgarprisen

BakgrunnsstoffEndra