Hema Malini (fødd 16. oktober 1948) er ein indisk skodespelar, regissør, produsent, dansar og politikar.[1]

Hema Malini

Fødd16. oktober 1948 (75 år)
FødestadAmmankudi
Aktive år1965–
Verka somfilmskodespelar, filmregissør, filmprodusent, dansar, fjernsynsskodespelar, politikar, fjernsynsprodusent
EktefelleDharmendra
BornEsha Deol, Ahana Deol
PrisarFilmfare Award for Best Actress, Padma Shri in arts

Malini debuterte som filmskodespelar i 1962 i den tamilske filmen Ithu Sathiyam. Ho hadde si første større rolle i Sapno Ka Saudagar (1968), og spelte deretter i talrike Bollywood-filmar, hovudsakleg hovudroller. Hema Malini har spelt i over 150 filmar.[2] Ho har spelt i både komediar og drama, og har hatt fleire danseroller.[2][3][4] I dei fleste filmane spelte ho med ektemannen sin Dharmendra, Rajesh Khanna eller Dev Anand.[5]

Gjennom karrieren har Malini vore nominert til elleve Filmfare-prisar for beste kvinnelege skodespelar, og vann i 1973.[6] I 2000 vann ho Malini Filmfare Lifetime Achievement Award og blei også tildelt Padma Shri, den fjerde høgaste sivile utmerkinga i India.[7] I 2012 blei ho tildelt eit æresdoktorat av Sir Padampat Singhania University for bidraget sitt til indisk film.[8] Malini har vore formann for National Film Development Corporation.

Frå 2003 til 2009 var Malini innvald som medlem av Rajya Sabha, overhuset i det indiske parlamentet, som representant for Bharatiya Janata Party.[9] I 2014 blei ho vald inn i underhuset, Lok Sabha, frå Uttar Pradesh.

Bakgrunn og familie endre

 
Hema Malini og døtrene Esha og Ahana dansar saman.

Hema Malini blei fødd i Ammankudi i dåverande Madras State, dagens Tamil Nadu. Ho gifta seg med skodespelaren Dharmendra i 1980.[10][11] Dharmendra var allereie gift med fleire barn, to av dei er blitt kjende som skodespelarane Sunny Deol og Bobby Deol. Malini og Dharmendra fekk to barn, Esha Deol (f. 1981), som også er Bollywood-skodespelar,[12] og Ahana Deol (f. 1985), som er assisterande regissør.[13][14][15]

Dans endre

Malini er opplært som bharatanatyam-dansar. Ho har også studert kuchipudi- og mohiniattam-dans. Ho har spelt ei rekkje danseroller, som Narasimha og Rama i ei tolking av Ramcharitmanas av Tulasidas.[16] I 2007 dansa ho i Mysurususserakvelde, der ho spelte rollene som Sati, Parvati og Durga.[17]

Malini er eigar av danseskulen Natyavihar Kalakendra i Mumbai.[18][19]

Døtrene hennar Esha Deol og Ahana Deol er opplærte i odissidans. Dei tre har opptredd saman i framsyninga Parampara i samband med veldedige tilstellingar.[20][21] Malini har også opptredd saman med døtrene ved Khajuraho Dance Festival.[22]

Kjelder endre

  1. title=Hemaji Hemamalini, ever dream girl turned 65. cinemanewstoday.com.
  2. 2,0 2,1 «Top Actresses». Box Office India. Arkivert frå originalen 17. oktober 2013. Henta 8. januar 2008. 
  3. Friday Review Chennai / Tribute : Bollywood's macho man bids goodbye. Arkivert 2009-05-06 ved Wayback Machine. The Hindu 1. mai 2009, henta 14. juni 2011.
  4. Top Box Office Draws of Indian Cinema.[daud lenkje] IBOS. Henta 24. september 2009.
  5. A dream called Hema Malini. Rediff.com. Henta 24. september 2009.
  6. «Filmfare Awards». imdb. 1973. Henta 20. Juli 2017. 
  7. Padma Vibhushan, Padma Bhushan, Padma Shri awardees. Arkivert 2010-04-14 ved Wayback Machine. The Hindu 27. januar 2000. Henta 14. juni 2011.
  8. Here comes Dr. Hema Malini! Arkivert 17. oktober 2012 ved Wayback Machine. The Times of India 2. oktober 2012. Henta 2. oktober 2012.
  9. «Smt. Hema Malini, Member of Parliament (Rajya Sabha)- Bio Data». Press Information Bureau of India. Arkivert frå originalen 22. juni 2008. 
  10. «Hema Malini Drives into Mathura Nagari». New Indian Express. 2. april 2014. Henta 18. juni 2016. 
  11. «From Hema Malini-Dharmendra, Rekha-Vinod Mehra to Aamir Khan-Reena: Bollywood's most controversial and secret marriages». Daily News and Analysis. 3. januar 2014. Henta 18. juni 2016. 
  12. Times of India 30/6/12
  13. Joshi T. Ahana Deol and boyfriend VJ Aditya working together in Guzaarish. Mid-day.com 26. mai 2009. Henta 6. juli 2011.
  14. Metro Plus Mangalore, Cinema : Sister act! Arkivert 2013-09-05 ved Wayback Machine. The Hindu 10.i oktober 2009. Henta 6. juli 2011.
  15. Next in line. The Telegraph, Kolkota. 3. mars 2011. Henta 6. juli 2011.
  16. Friday review Hyderabad / Dance : Hema's celestial dance recital. Arkivert 2009-03-26 ved Wayback Machine. The Hindu 7. april 2006. Henta 14. juni 2011.
  17. Kumar K. Hema Malini presents 'Durga' to a standing ovation. Arkivert 2007-10-24 ved Wayback Machine. The Hindu 22. oktober 2007. Henta 6. juli 2011.
  18. Hema Malini enthrals audience. The Hindu 13. september 2010. Henta 25. juni 2016.
  19. «About us». natyaviharkalakendra.org. Henta 24. mars 2019. 
  20. Star daughter awaits a big hit Arkivert 2012-11-10 ved Wayback Machine., The Hindu 16. juni 2002. Henta 14. juni 2011.
  21. Friday review Hyderabad / Dance : Goddess of valour. Arkivert 2012-11-10 ved Wayback Machine. The Hindu 25. mars 2011. Henta 14. juni 2011.
  22. Hema Malini mesmerises at Khajuraho Dance Festival. Arkivert 2012-11-10 ved Wayback Machine. The Hindu 3. februar 2011. Henta 6. juli 2011.