Ingá-Máret Gaup-Juuso

norsk samisk joikar

Ingá-Máret Gaup-Juuso (fødd 1987) er ein finsk-norsk samisk songar, joikar og reindriftar frå Kaaresuvanto i Enontekis i Nord-Finland.[1][2][3] Ho er vokalist og joikar i elektronika-bandet Tundra Electro.[3]

Ingá-Máret Gaup-Juuso

Gaup-Juuso under opninga av Sametinget i 2021.

Foto: Marie Louise Somby

Fødd1987 (37 år)
FødenamnGáijjot Piera Ándde-Ovllá Ingá-Máret
OpphavFinland
Verka sommusikar, joiker, skodespelar, reindriftsutøver

Gaup-Juuso er fødd i Kaaresuvanto, og har finsk far og norsk mor frå Kautokeino-området.[1] Ho er utdanna innan samisk språk og litteratur.[3]

I 2016 var ho med på å skipa bandet Tundra Electro, saman med den norske musikaren og komponisten Patrick Shaw Iversen.[4] Dette året vart ho tildelt den finske Larin Paraske-prisen.[5]

I 2019 vart ho tilsett som fylkesjoikar av Troms fylkeskommune.[6]

I 2022 vann ho songkategorien i Sámi Grand Prix med songen «Dovdameahttumii», som ho sjølv hadde skrive i samarbeid med Ylva Persson, Linda Persson og Paul Dubrovsky.[2][7] Seinare same år kom ho på sjetteplass i Liet International i Tønder i Danmark, der ho framførte ein noko endra versjon av «Dovdameahttumii»[8][9]

Gaup-Juuso deltok også i Sámi Grand Prix i 2015, då ho kom på andreplass i klassen tradisjonell joik, med ein joik om systera si.[10]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Kalottspel. Grottekonsert: Valkeapää og Gaup-Juuso. Besøkt 17. april 2022.
  2. 2,0 2,1 NRK 19. mars 2022. Disse deltar under Sámi Grand Prix 2022. Besøkt 17. april 2022.
  3. 3,0 3,1 3,2 Kreative Nord om Tundra Electro. Besøkt 17. april 2022.
  4. Plateanmeldelse i Nettavisen 22. februar 2020. Besøkt 17. april 2022.
  5. Turun Sanomat 15. oktober 2016. Larin Paraske -palkinnon sai joikutaiteilija Gaup-Juuso. Besøkt 17. april 2022. (fi)
  6. NRK Sápmi 25. november 2019. Nye fylkesjoikere. Besøkt 17. april 2022.
  7. NRK 16. april 2022. Sámi Grand Prix: Mektige stemmer seiret. Besøkt 17. april 2022.
  8. NRK Sápmi 13. mai 2022. Ingá-Máret klar for europeisk sangfinale…. Besøkt 19. mai 2022.
  9. Liet International 2022 på YouTube.
  10. Samisk påskefestivals hjemmeside. Sámi Grand Prix historie. Besøkt 17. april 2022.