Inga Marte Thorkildsen

norsk politikar

Inga Marte Thorkildsen (fødd 2. juli 1976 i Oslo) er ein norsk politikar frå Sosialistisk Venstreparti. Ho har vore representant på Stortinget frå Vestfold fylke sidan 2001 og gjekk etter stortingsvalet 2009 inn i sin tredje periode som Vestfold-representant. I perioden 2005-09 sat ho i energi- og miljøkomiteen, og var saksordførar for det såkalla Klimaforliket i Stortingets energi- og miljøkomité. Her leidde Thorkildsen forhandlingane på vegne av regjeringspartia.

Inga Marte Thorkildsen

Fødd2. juli 1976 (47 år)
Oslo
Statsborgar avNoreg
PartiSosialistisk Venstreparti
Yrkepolitikar, podkastvert
FarHeming Olaussen
Alle verv

Inga Marte Thorkildsen voks opp i Stokke, sørvest for Tønsberg, og er cand.mag. med mellomfag religionshistorie og statsvitskap, semesteremne Midtausten- og Nord-Afrikakunnskap 1996-2000. Ho har arbeidd som frilansjournalist for Tønsbergs Blad 1993-1997, for Kelly Vikarbyrå 1997-1998 og som kundebehandlar ved Fjellinjen A/S 1998-2000. Thorkildsen var ein av to leiarkandidatar til Sosialistisk Ungdom før landsmøtet i 1999, men tapte kampvoteringa mot sentralstyremedlem Kari-Anne Moe. Frå 2012 vart ho nestleiar i SV med Audun Lysbakken som ny partileiar.[1]

Far til Thorkildsen er Heming Olaussen, kjent som leiar for Nei til EU.[2]

Stortingskomitear endre

Utgjevingar endre

  • Thorkildsen, Inga Marte: EUs likestillingspolitikk: Med mannen som norm, Mennenes Europa - Døren lukket for kvinner, Nei til EU Oslo 2001 (skriftseriehefte).
  • Gustavsen, Finn og Thorkildsen, Inga Marte: Fett, fuck og forsider, Markedets vidunderlige verden, John Grieg 1998.
  • Thorkildsen, Inga Marte: MAKT - lesestykker for framtida, Hundreårsmarkeringen Norge 2005 AS Oslo 2005.

Fotnotar endre

  1. BT, 10.03.12: - Lettet, rørt, ydmyk og stolt, arkivert frå originalen 5. mars 2016, henta 10. mars 2012 
  2. Dagens Næringsliv, 11.februar 2012, s.74.

Bakgrunnsstoff endre