Ingeniør Knut Berg på eventyr
Ingeniør Knut Berg på nye eventyr | |
---|---|
Forfattar | Hallvard Sandnes, Jon Bing, Tor-Åge Bringsværd. |
Illustratør | Knut Westad og Jostein Øvrelid |
Status (2007) | Julehefte |
Lansert | 1941, 2007 |
Sluttdato | 1960, ---- |
Forlag | Fonna Forlag |
Sjanger | Fabelprosa, eventyr |
Aldersgrense | Passar best for over 11 år. |
Ingeniør Knut Berg på eventyr er ein norsk teikneserie som fyrst vart utgjeven i 1941 i Nynorsk Vekeblad.
Handlinga er lagt til ei framtidsverd med avansert teknologi. Trass i dette er enno reknestavar i bruk. Teikneserien er å likna med Lyn Gordon og fell inn i science fiction-tematikken.
Helten og hovudpersonen er den norske ingeniøren Knut Berg. Saman med gode hjelparar dreg dei rundt i heimsrommet (verdsrommet).
Dr. Panga er skurken i serien og strebar etter å ta makta i landet Kalimanko. Knut Berg og kjærasten prinsesse Aima av Kalimanko står i vegen for han.
- Teikning: Jostein Øvrelid («Ronald Stone»)
- Forteljing: Hallvard Sandnes («Vigleik Vikli»)
Teikneserien vart utgjeven som eige hefte i perioden 1943 til 1960.[1]
Nye utgåverEndra
Teikneserien vert utgjeve på nytt av Fonna Forlag som julehefte. Først eit feila prøveår i 1986, men so ein periode ifrå 2000 til 2005. [2]
Frå og med 2007 har det kome nye historier om ingeniøren, no med manus av Jon Bing og Tor-Åge Bringsværd, med den tidlegare Fantomet-teiknaren Knut Westad for streken. Etter det forlaget har røpt, vil ingeniøren vende tilbake frå Mars-turen han tok på 60-talet og gå laus på problema rundt miljøet og matvaremangelen.[3] Nynorskdrakta vert gjeven av Olaf Almenningen.[4]