Tor Åge Bringsværd
Tor Åge Bringsværd (fødd 16. november 1939) er ein norsk forfattar frå Skien, som særleg saman med Jon Bing var fyrst til å skriva norsk science fiction. Han har òg skrive historiske forteljingar, mellom anna inspirerte av krosstoga, legender og norrøne myter. Verka hans er gjerne leikne og fantasifulle.
Tor Åge Bringsværd | |
Tor Åge Bringsværd Foto: Bjørn Erik Pedersen
| |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 16. november 1939 (85 år) Skien kommune |
Yrke | skodespelforfattar, redaktør, omsetjar, skribent, science fiction-forfattar, manusforfattar |
Språk | norsk |
Ektefelle | Else Færden |
Tor Åge Bringsværd på Commons |
Bing og Bringsværd
endreBringsværd har arbeidd mykje saman med Jon Bing, gjerne under namnet «Bing og Bringsværd». Saman er dei er opphavsmenn til ordet fabelprosa, som han nyttar om skjønnlitteraturen han skriv. Omgrepet tek opp i seg både science fiction og fantastiske forteljingar. I 1967 debuterte dei begge med Rundt solen i ring.
Året etter kom Bringsværd ut med Probok, si eia samling med science fiction-noveller. Samlinga markerte i større grad den samfunnskritiske sida i høve til kva han fekk fram i Rundt solen i ring. Samfunnskritikk kunne ein spora der òg. At han gav ut boka åleine kan nok tyda at dette var noveller som Bringsværd personleg syntest han kunne stå sterkt for. Bing har klart innverka mykje på skriveprosessen. I starten av boka står det «Til Jon – Selvfølgelig». Dei har arbeidd mykje saman, eller som Bringsværd skriv på sin nettstad «Jon Bing og jeg har lekt sammen (nesten) hver tirsdag siden 1966.»
Saman har dei to laga det som kanskje er den einaste norske science fiction-produksjonen for film eller fjernsyn, nemleg fjernsynsserien Blindpassasjer.
Forfattarstil
endreBringsværd har ein spesiell skrivestil. I fleire noveller hopper han vekk frå historia og skildrar noko som tilsynelatande ikkje har noko å gjera med resten av historia. Brått kan han finna på å hoppa inn i eit radioprogram eller eit oppslag i eit leksikon. Han har til og med skrive heile noveller som er utforma som oppslagsverk eller filmmanus.
Verka hans inkluderer titlar som; Bazar, Gobi-serien, Apachepikene farer frem over sletten. Blondt hår. Vinden., og Pudder? Pudder! I tillegg har han vore aktiv i den norske Brumm-foreningen.
Mennesket Bringsværd
endreBringsværd reknar seg som anarkist og det er kanskje ikkje utan grunn at han har vald science fiction som ein av sine sjangrar. Mange av bøkene hans har eit kritisk blikk på bioteknologi og måten me forvaltar naturen vår på.
Utgjevingar
endreRomanar
endre- 1970 - Bazar
- 1974 - Den som har begge beina på jorda står stille
- 1976 - Syvsoverskens dystre frokost
- 1978 - Pinocchio-papirene
- 1980 - Minotauros
- 1983 - Ker Shus
- 1985 - Gobi. Barndommens måne
- 1987 - Gobi. Djengis Khan
- 1989 - Gobi. Djevelens skinn og ben
- 1994 - Gobi. Min prins
- 1996 - Den enøyde
- 1997 - Gobi. Baghdad
- 2001 - Pudder? Pudder! eller: Sleeping Beauty in the Valley of the Wild, Wild Pigs
- 2005 - WEB
- 2013 - Ikke fordi den har et svar, men fordi den har en sang
Novellesamlingar
endre- 1967 - Rundt solen i ring
- 1968 - Probok
- 2004 - Oslo 2084
Biletbøker
endre- 1973 - Ruffen, sjøormen som ikke kunne svømme
- 1975 - Ruffen på nye eventyr
- 1982 - Ruffen og den flyvende hollender
- 2006 - Når to skal rydde
Reiseskildringar
endre- 2003 - London
Prisar og utmerkingar
endre- 1974: Gyldendals legat
- 1978: Rivertonprisen saman med Jon Bing for fjernsynsserien Blindpassasjer
- 1979: Aschehougprisen saman med Ernst Orvil.
- 1985: Den norske Kritikerprisen for litteratur for Gobi. Barndommens måne
- 1986: Riksmålsforbundets barne- og ungdomsbokpris
- 1986: Skolebibliotekarforeningens litteraturpris for hans samla barne- og ungdomsbøker
- 1988: Nominert til Nordisk Råds litteraturpris for Gobi. Djengis Khan
- 1990: Nominert til Nordisk Råds litteraturpris for Gobi. Djevelens skinn og ben
- 1994: Riksmålsforbundets litteraturpris
- 1994: Doublougprisen saman med Inger Elisabeth Hansen
- 1999: Riksmålsforbundets barne- og ungdomsbokpris
- 1999: Det Norske Akademis Pris til minne om Thorleif Dahl
- 2000: Ibsenprisen for samla dramatisk forfattarskap
- 2008: Alf Prøysens ærespris
- 2009: Heidersprisen under Brageprisen
- 2010: Bringsværd vart tildelt Norsk kulturråds ærespris