Opna hovudmenyen

Ingolf Elster Christensen

norsk jurist, offiser, embetsmann og politikar

Ingolf Elster Christensen (fødd 28. mars 1872 i Førde i Sunnfjord, død 3. mai 1943 i Førde) var ein norsk jurist, offiser, embetsmann og politikar for Høyre. Christensen var amtmann og fylkesmann i til saman 33 år, og hadde også verv som stortingsrepresentant og statsråd i 1920-åra. Han var justisminister og forsvarsminister. Politisk var han særleg oppteken av forsvar,[1] landbruk[1] og samferdsle.[2] Sommaren 1940 spelte han ei viktig rolle som formann i Administrasjonsrådet og deltakar i riksrådsforhandlingane.[1]

Ingolf Elster Christensen
Ingolf Elster Christensen.jpg
Fødd28. mars 1872
Førde
Død3. mai 1943
Førde
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, jurist, militær
Utdanna vedBergen Katedralskole
VervFylkesmann i Sogn og Fjordane 1930-1941
FøregangarJohn Utheim

Sogn og FjordaneEndra

3. november 1910 vart Christensen amtmann (seinare fylkesmann) i Nordre Bergenhus (Sogn og Fjordane). Han var pådrivar i viktige saker som samordning og offentleg drift av rutebilar, utbygging av jernbane og vegnett, samt kraftutbygging for allmenn bruk.[1] Christensen vert rekna som den fremste forkjemparen for Flåmsbana, og har difor fått sitt minnesmerke reist på Flåm stasjon.[3]

StortingskomitearEndra

BibliografiEndra

  • 1916 – Fædrelandet i verdenskrigens lys, med Hjalmar Christensen

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra