Inha Aleksandrovna Babakova, fødd Inga Butkus (fødd 26. juni 1967) er ein tidlegare høgdehoppar som representerte Sovjetunionen til 1991 og sidan Ukraina. Ho vart verdsmeister i øvinga i 1999 og vann elles to sølv- og tre bronsemedaljar i dei store internasjonale meisterskapane i tida 1991-2001. Babakovas personlege rekord på 2,05 meter er frå 1995.

Inha Babakova
Statsborgarskap Ukraina
Fødd 27. juni 1967 (56 år)
Asjkhabad
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996

Utmerkingar

2. klasse av Ordenen for fortjenester, 3. klasse av Ukrainas fortjenesteorden, 1. klasse av Ordenen for fortjenester

Babakova er fødd i Asjkhabad i Turkmenistan av litauiske foreldre. Ho sette personleg rekord med 1,92 m i 1988. Etter å ha vorte mor, forbetra ho sin personbeste til 2,02 m i 1991-sesongen og kneip bronsen ved friidretts-VM i Tokyo. Våren 1993 gjekk ho over 2,00 m ved innandørs-VM i Toronto og vart nummer tre som representant for Ukraina. Ho deltok ikkje i VM 1993 og kom på fjerdeplass i europameisterskapen 1994 i Helsinki, med same høgda som bronsemedaljøren og to andre utøvarar. Året etter vann ho bronse i VM i Göteborg, to centimeter under Stefka Kostadinova og likt med sølvvinnar Alina Astafei. Fire veker seinare, 15. september 1995, gjorde Babakova sitt livs høgste hopp og passerte 2,05 m under eit stemne i Tokyo.

Under dei olympiske leikane 1996 i Atlanta svinga Bakakova seg over 2,01 m og fekk bronse, to og fire cm under prestasjonane til høvesvis Niko Bakogianni og Stefka Kostadinova. I verdsmeisterskapen 1997 var Babakova ein av fire utøvarar som reiv dei tre ordinære forsøka på 1,99 m, men som for å kåre ein vinnar fekk eit ekstra forsøk. Einast norske Hanne Haugland klarte høgda i fjerde forsøk og vart verdsmeister, Babakova og russiske Olga Kaliturina fekk kvar si sølvmedalje.

I 1999 vann Babakova høgdetevlinga i VM i Sevilla føre russarane Jelena Jelesina og Svetlana Lapina, alle tre vart ståande med 1,99 m i resultatlista. To år etter var Babakova nær ved å forsvare VM-tittelen i kanadiske Edmonton, der ho og sørafrikanske Hestrie Cloete begge klarte vinnarhøgda 2,00 m i andre forsøk. Men to riv på lågare høgder gjorde at Babakova fekk sølv, medan Cloete tok gullmedaljen.

På 36-årsdagen i 2003 vann Babakov høgdetevlinga i Bislett Games i Oslo med eit hopp på 2,01 m, verdsrekord for kvinner 35 år og eldre. Ho la opp i 2004.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre