Innovasjon Norge
(Omdirigert frå Statens veiledningskontor for oppfinnere)
Innovasjon Norge er eit statleg norsk særlovselskap stifta i 2003 med føremål om å auka innovasjon i næringslivet over heile landet, bidra til å utvikla distrikta og profilera norsk næringsliv og Noreg som reisemål. Innovasjon Norge blei danna ved ei samanslåing av dei tidlegare organisasjonane Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND), Norges Eksportråd, Norges Turistråd og Statens veiledningskontor for oppfinnere (SVO). Selskapet starta verksemda si 1. januar 2004.
Innovasjon Norge | |||
| |||
Org.form | Særlovselskap | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 986399445 | ||
Skipa | 19. desember 2003 | ||
Forgjengar(ar) | Statens veiledningskontor for oppfinnere, Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, Norges Eksportråd | ||
Hovudkontor | Akersgata | ||
Land | Noreg[1] | ||
Styreleiar | Gunnar Bovim | ||
Adm.dir. | Håkon Haugli (15. mai 2019) | ||
Nettstad | https://innovasjonnorge.no (norsk), https://innovasjonnorge.no/en/start-page (engelsk) |
Frå januar 2010 blei fylkeskommunane deleigarar av Innovasjon Norge. Administrerande direktør for selskapet er Håkon Haugli. Styreleiar er Gunnar Bovim.[2]
Kjelder
endre- ↑ Norsk senter for forskningsdata, Forvaltningsdatabasen ID 28804, Wikidata Q7061260
- ↑ Furberg, Kristoffer (3. mai 2018). «Bovim valgt som ny styreleder». universitetsavisa.no (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 4. mai 2018. Henta 3. mai 2018.
- Denne artikkelen bygger på «Innovasjon Norge» frå Wikipedia på bokmål, den 14. mai 2020.