Opna hovudmenyen

Håkon Haugli (fødd 21. mai 1969 i Oslo) er ein norsk jurist og politikar frå Arbeidarpartiet. Han møter fast på Stortinget for Oslo Arbeiderparti som vararepresentant for Jens Stoltenberg etter stortingsvalet 2009. Haugli er medlem av Kommunal- og forvaltingskomiteen og av Norges delegasjon til Europarådets parlamentarikarforsamling.

Håkon Haugli
HakonHaugli.jpg
Fødd21. mai 1969
Oslo
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, jurist, forretningsdrivande

Sidan 2007 har Haugli vore medlem av Oslo bystyre og byutviklingskomiteen. I perioden 1995-97 var han varamedlem til Oslo bystyre og helse- og sosialkomiteen.

Haugli er fødd på Aker universitetssjukehus og voks opp på Ammerud i Oslo og i Lørenskog. Han er utdanna jurist frå Universitetet i Oslo og har sidan 1998 jobba i næringslivet. Haugli var leiar av avdeling Oppgjør og Kundebetjening Person i forsikringsselskapet Gjensidige då han vart valt inn på Stortinget.

Haugli har hatt ei rekkje tillitsverv i Arbeidarpartiet, AUF og Sosialdemokratisk Studentforbund (SSF). Han har vore styremedlem og nestleiar i St. Hanshaugen Arbeidarpartilag, leiar av Grønland-Tøyen-Gamlebyen Arbeiderpartilag og styremedlem i Oslo Arbeidersamfunn. Sidan 2005 har Haugli leidd Homofile og lesbiske sosialdemokrater som han var med på å etablere i 2004.

I august 2007 vart han oppnemnt som medlem i Mannspanelet som vart sett ned av barne- og likestillingsminister Karita Bekkemellem i samband med stortingsmeldinga om menn, mannsroller og likestilling. I januar 2008 kåra nettstaden Gaysir Haugli til landets nest mektigaste homofile mann, etter Oslos byrådsleiar Erling Lae (H). I 2009 og 2010 fekk han høvesvis femte- og fjerdeplass på same oversikt.

BakgrunnsstoffEndra