Solokonsert

(Omdirigert frå Instrumentkonsert)

Ein solokonsert er eit musikkstykke for eit soloinstrument med orkester.

Musikkforma blei utvikla i barokken og har sidan forandra seg lite. Typisk er konserten bygd opp slik at ein sakte mellomsats ramma inn av raske satsar i byrjinga og slutten.

Populære instrument å skriva konsertar for under barokken var fiolin, obo, cembalo og mot slutten av perioden fløyte. I tidas løp er det likevel blitt laga solokonsertar for så godt som kvart instrument.

Under wienerklassisismen og romantikken utvikla solokonserten seg i retning av symfonien, slik at mange verk nærmast kan kallast symfoniar med soloinstrument (sjå til dømes Brahms).

Sjå òg

endre