Opna hovudmenyen

Isadore Singer

amerikansk matematikar
(Omdirigert frå Isadore M. Singer)

Isadore Manuel Singer (fødd 3. mai 1924) er ein amerikansk matematikar.

Isadore Singer
Isadore Singer 1977.jpeg
Fødd3. mai 1924
Detroit
NasjonalitetUSA
Områdematematikk
Yrkematematikar, universitetslærar
InstitusjonarMassachusetts Institute of Technology
University of California, Berkeley
University of California
Alma materUniversity of Michigan
DoktorgradsrettleiarIrving Segal
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
American Mathematical Society
National Academy of Sciences
American Academy of Arts and Sciences
American Philosophical Society

Han er professor ved Massachusetts Institute of Technology (MIT). Han tok doktorgraden ved University of Chicago i 1950. Singer har det meste av det yrkesaktive livet sitt arbeidd ved MIT. Han har motteke mange prisar, mellom anna American Mathematical Society sin pris for stor teneste for ålmenta i 1992, Steel-prisen for Lifetime Achievement i 2000, National Medal of Science i 1983 og Abelprisen i 2004, saman med Sir Michael Francis Atiyah. Dei fekk prisen for å ha oppdaga og bevist indeksteoremet, som knyt topologi, geometri og matematisk analyse til kvarandre, og den viktige rolla dei har hatt når det gjeld å byggje nye bruer mellom matematikk og teoretisk fysikk. Singer har òg skrive påverknadsrike lærebøker som har vore til inspirasjon for fleire generasjonar av matematikarar.

KjelderEndra