Isle of Wight-festivalen

Isle of Wight-festivalen er ein årleg musikkfestival som blir halden på den engelske øya Wight (Isle of Wight). Han blei opphavleg halden frå 1968 til 1970 på høvesvis garden Ford (nær Godshill), Wootton og Afton Down (nær Freshwater). Festivalen i 1970 var så langt den største og mest berømte av desse tidlege festivalane. Blant dei som opptrådte var The Who, Jimi Hendrix, Miles Davis, The Doors, Ten Years After, Emerson Lake and Palmer, Joni Mitchell, The Moody Blues, Melanie, Donovan, Free, Chicago, Richie Havens, John Sebastian, Leonard Cohen, Jethro Tull, Taste og Tiny Tim.

Frå Isle of Wight-festivalen i 1970.

Det store talet frammøtte, mange av dei utan billett, tydde at dei lokale styresmaktene og festivalarrangørane ikkje kunne forhalde seg til mengdene eller garantera tryggleiken deira. Slike suter førte til at det britiske parlamentet året etter vedtok ein eigen lov, «Isle of Wight Act», med forbod mot forsamlingar på meir enn 5 000 menneske på øya utan eige løyve.

Hovudscena på festivalen i 2008

Festivalen blei gjenoppliva i 2002 ved Seaclose Park, ein fornøyelsesspark ved utkanten av Newport. Festivalen har sidan blitt halde her kvart år, og gradvis strekt seg nordover frå parken til den austlege Medina-dalen. Mange kjente musikarar har opptredd på den gjenoppliva festivalen, mellom anna The Rolling Stones, Muse, Donovan, Ray Davies, Robert Plant, David Bowie, Manic Street Preachers, The Who, R.E.M., Coldplay, The Proclaimers, Bryan Adams og The Police.

Opptak frå festivalen endre

DVD:

  • Various Artists (Special Edition) - The Message of Love. Live at the Isle of Wight Festival 1970.
  • Jimi Hendrix: Blue Wild Angel. Live at the Isle of Wight Festival 1970.
  • Jethro Tull: Nothing is Easy. Live at the Isle of Wight Festival 1970.
  • The Who: Listening to You. Live at the Isle of Wight Festival 1970.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre