It's Late
Singel av Queen
frå albumet News of the World
B-side

Sheer Heart Attack (kommersiell singel) / It's late (lang versjon og amerikansk promosingel)

Språk engelsk
Utgjeve 25. april 1978 (berre Nord-Amerika, New Zealand og Japan)
Innspelt 1977
Sjanger Hardrock, arenarock, heavy metal
Lengd 6:22 (album)
3:49 (singel)
Selskap EMI, Elektra
Komponist Brian May
Tekstforfattar Brian May
Låtskrivar(ar) Brian May
Produsent Queen og Mike Stone
Queen-kronologi 
«Spread Your Wings»
(1978)
It's Late «Bicycle Race» / «Fat Bottomed Girls»
(1978)


«It's Late» er ein song skriven av Queen-gitaristen Brian May og framført av bandet i 1977 for albumet News of the World. Songen var ein idé May hadde om å ha lage ein tre aktar lang teatralsk song, der versa er «aktene». May spelar gitarsoloen med ein «tappe»-teknikk, fleire månader før Eddie Van Halen, gjorde det same på Van Halen. May sa til Guitar Player Magazine[1] at han vart inspirert til å nytte denne teknikken av ein ukjend gitarist på ein bar i Texas. Teknikken var òg blitt nytta tidlegare av andre gitaristar, mellom anna Steve Hackett frå Genesis.

Teksten handlar om eit kjærleiksforhold som er i ferd med å slutte.[2]

Songen vart gjeven ut som singel i USA i 1978 i ei forkorta utgåve, og nådde 72. plassen på Billboard-lista der. Songen vart seinare gjeven ut på samlealbumet Queen Rocks i 1997, og det vart produsert ein ny video med bilete av Las Vegas og prostituerte, innimellom konsertklipp av songen.

Songen vart nytta i dokumentarfilmen Kurt Cobain: About a Son i 2006.

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. http://www.guitarplayer.com/article/queens-brian-may/jan-08/32483 Arkivert 2016-08-14 ved Wayback Machine. Brian May Guitar Player Interview
  2. Guarisco, D.A. «It's Late». Allmusic. Henta 9. august 2012. 

Bakgrunnsstoff endre