Bicycle Race
Singel av Queen
frå albumet Jazz
A-side

«Fat Bottomed Girls»

Språk engelsk
Utgjeve 13. oktober 1978
Innspelt Juni - juli 1978
Sjanger rock
Lengd 3:01
Selskap EMI, Elektra
Komponist Freddie Mercury
Tekstforfattar Freddie Mercury
Låtskrivar(ar) Freddie Mercury
Produsent Queen og Roy Thomas Baker
Queen-kronologi 
«It's Late»

(1978)

Bicycle Race «Don't Stop Me Now»

(1979)


«Bicycle Race» er ein song av det britiske rockebandet Queen. Han vart gjeven ut i 1978 på albumet Jazz og var skriven av Freddie Mercury. Songen vart gjeven ut på singel som ei dobbel A-side med «Fat Bottomed Girls». Songen er kjend for musikkvideoen der mange nakne kvinner syklar i eit sykkelløp på Wimbledon Stadium. Videoen vart redigert eller bannlyst i fleire land.

Song og tekst endre

Songen vart skriven av Mercury og var inspirert av den 18. etappen under Tour de France i 1978 som passerte Montreux der bandet spelte inn Jazz i Mountain Studios.[1] Songen startar med eit uakkompagnert refreng. Refrenget vert etterfølgd av to vers knytte saman av eit mellomspel, og eit nytt refreng. I midten av sognen er det ein solo spelt med mange sykkelbjøller. Songen har ein uvanleg akkordprogressjon med fleire moduleringar, taktendringar (frå 4/4 til 6/8 og attende), og vokal og gitarharmoniar i mange lydspor.[2]

Teksten inneheld mange referansar til tida han vart skriven i, som religion, Watergate, narkotika, oppdikta heltar (Peter Pan, Frankenstein og Superman) og filmane Haisommer og Star Wars. Songen nemner skodespelaren John Wayne.

Brian May hevda at songen ikkje var sjølvbiografisk og at Mercury ikkje spesielt likte sykling. Trass i teksten var Mercury fan av Star Wars.[3]

Songen refererer til «Fat Bottomed Girls» med tekstlinja «fat bottomed girls, they'll be riding today». Dei to songane vart gjene ut i lag som ei dobbel A-side.

Video endre

Videoen til songen var kjend for dei 65 nakne kvinnene, alle profesjonelle modellar, som syklar rundt på Wimbledon Greyhound Stadium. Han vart filma av Denis de Vallance. Gruppa leigde stadionet og mange syklar for ein dag, men då butikken var klar over at dei hadde blitt sykla på av mange nakne kvinner, kravde dei at gruppa kjøpte alle sykkelseta.[4] Den originale videoen nytta spesialeffektar for å skjule dei nakne kvinnene.[5]

Medverkande endre

Lister endre

Land Plassering Dato Veker på lista
Australia[6] 28 9
Austerrike[7] 21 Jan 1979 4
Canada[8] 17 Jan 1979 12
Tyskland[9] 27 11–18. des 1978 12
Irland[10] 10 7
New Zealand[7] 20 8
Nederland[7][11] 5 25. nov – 2. des 1978 11
Noreg[7] 7 9
Storbritannia[6][12] 11 25. nov – 9. des 1978 11
USA Billboard [6][13] 24 Jan 1979 12
USA Cash Box[14] 18 Jan 1979 13


Andre versjonar endre

Songen er òg spelt inn av

Refrenget på songen vart sampla på «C'mon Let Me Ride» av Skylar Grey med Eminem.

Kjelder endre

  1. M. Felsani; M. Primi; M. Saita (1997). Queen. Tutti i testi con traduzione a fronte. Taylor & Francis. s. 16–. ISBN 978-88-09-02418-2. Henta 23. februar 2011. 
  2. Queen Songs – The Book: Bicycle Race. Queensongs.info. Henta 30. juni 2016.
  3. Van Luling, Todd. «5 Things You Didn't Know About Queen, Even If You Know Every Word Of 'Bohemian Rhapsody'». Huffington Post. Henta 24. desember 2015. 
  4. Phil Sutcliffe; Peter Hince; Reinhold Mack (15. november 2009). Queen: The Ultimate Illustrated History of the Crown Kings of Rock. MBI Publishing Company. s. 122–. ISBN 978-0-7603-3719-6. Henta 23. februar 2011. [daud lenkje].
  5. Queen Promo Videos – Bicycle Race Ultimate Queen. Henta 3. september 2011
  6. 6,0 6,1 6,2 Queen International Singles Chart Positions. Pcpki.com. Henta 30. juni 2016.
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 Queen – Bicycle Race. austriancharts.at. Henta 30. juni 2016.
  8. [1].
  9. Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche Arkivert 2012-10-11 ved Wayback Machine.. musicline.de. Henta 30. juni 2016.
  10. Jaclyn Ward. «The Irish Charts». Fireball Media Group. fireballmedia.ie. Irishcharts.ie. Henta 25. desember 2012. 
  11. Queen – Bicycle Race. dutchcharts.nl. Henta 30. juni 2016.
  12. Queen – Bicycle Race. Chart Stats. Henta 30. juni 2016.
  13. Nielsen Business Media, Inc. (26. juni 1982). Billboard. Nielsen Business Media, Inc. s. 95–. ISSN 0006-2510. Henta 23. februar 2011. 
  14. arkivkopi, arkivert frå originalen 22. desember 2015, henta 30. juni 2016 

Bakgrunnsstoff endre