Ivar Giæver

norsk–amerikansk fysikar

Ivar Giæver eller Giaever (fødd 5. april 1929) er ein norsk-amerikansk fysikar som fekk Nobelprisen i fysikk i 1973.

Ivar Giæver

Fødd5. april 1929
Bergen
NasjonalitetNoreg, USA
Områdefysikk, superleder, halvleiarar, biofysikk, faststoff-fysikk, immunologi, tissue culture, bruksmatematikk
Yrkefysikar, ingeniør, vitskapsperson, universitetslærar
InstitusjonarRensselaer Polytechnic Institute
Alma materRensselaer Polytechnic Institute
Noregs tekniske høgskole
Clare Hall
Hamar katedralskole
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
National Academy of Sciences
Det kongelege ingeniørvitskapsakademiet
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab
American Academy of Arts and Sciences
American Physical Society
American Society of Mechanical Engineers

Livssoge

endre

Giæver var fødd i Bergen men voks opp på Toten, der faren var apotekar. Etter å ha jobba eitt år ved Raufoss ammunisjonsfabrikkar studerte Giæver ved NTH, der han blei ferdig sivilingeniør i 1952. Dette året gifta han seg òg med Inger Skramstad.

To år etter at utdanninga var avslutta utvandra ekteparet til Canada, der Ivar Giæver blei tilsett i selskapet General Electric. Frå 1958 var han tilknytt forskingsdelen av selskapet.

Han studerte fysikk vidare ved Rensselaer Polytechnical Institute i staten New York. I 1964 blei han både dr.philos. og amerikansk statsborgar. Giæver forlet General Electric i 1988 og blei professor ved Rensselaer. Han er òg utnemnd til professor ved Universitetet i Oslo, der han er gjesteførelesar kvar sommar.

Forsking

endre

I tida mellom 1958 og 1969 fokuserte Giæver på elektron-tunnelering gjennom tynne isolerande filmar mellom metall som fungerte normalt og som superleiarar. Det var banebrytande arbeid innan dette felte som gav han Nobelprisen i fysikk i 1973, saman med Leo Esaki.

I 1969 studerte Giæver biofysikk i Cambridge og har sidan jobba mykje med dette området.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre