Opna hovudmenyen
Den lettkjennelege stolen til Vincent van Gogh likna mykje på ein jærstol.

Jærstol er ein type stol frå Rogaland med treramme og fletta sete av siv eller strå. Møbelet kan lagast med eller utan armlene, og ein kan laga mindre utgåver for ungar eller legga til meier slik at det blir ein gyngestol.

Jærstolar er særleg knytte til Hjelmeland. Her har ein laga stolane i over hundre år, og verksemdene Slåke Møbelfabrikk og Aksel Hanssons jærstolfabrikk held framleis tradisjonen i hevd. Ved den sistnemnde fabrikken kan ein få med seg ei utstilling om jærstolar. Ein forstørra jærstol – «verdas største» – vart sett opp på Sande i Hjelmeland i 1999. I Noreg har stolen truleg fått namnet rundt 1900, då ein henta siv til setet frå tjørn på Jæren. I nyare tid er sivet bytta ut med kinesisk sjøgras.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra